Kirjojen hintavertailu – 12 859 818 kirjaa ja 27 kauppaa
Kirjailija
An-Magritt Lindtner
Kirjat ja teokset yhdessä paikassa: 2 kirjaa, julkaisuja vuodelta 2013, suosituimpiin kuuluu Det fleirspråklege Noreg. Vertaile teosten hintoja ja tarkista saatavuus suomalaisista kirjakaupoista.
Tutta er fe. Ho er tynn og høg, og det beste ho veit er smokkar, i alle slags fargar og former. Thea er òg veldig glad i smokkar. Ho har alltid minst to smokkar med seg, men ofte tre eller fire og i tillegg nokre som ho har gøymt på hemmelege stadar, for å vera trygg på at ho alltid har ein smokk i nærleiken. Ein dag reiser Thea på ferie, og Tutta legg i veg mot huset med dei mange, fargerike smokkane i.
Med to skriftspråk, samt samisk og kvensk, har Noreg ein lang tradisjon som fleirspråksland. I nyare tid har dette blitt forsterka gjennom innvandring og utviding av internasjonale relasjonar, og det siste tiåret har om lag 200 språk vore i bruk i Noreg. Dokumentarprosjektet Det fleirspråklege Noreg viser eit samtidsbilete av språkbruken i den norske kvardagen. Gjennom 30 portrett gir boka eit innblikk i det fleirkulturelle Noreg og viser at fleirspråklegheit i dag heller er regel enn unnatak. Skribentar over heile landet har fanga inn livshistorier og refleksjonar rundt det å leve med fleire språk. Fotografen Oddleiv Apneseths unike og vake blikk gir liv til dei varierte historiene. Kombinasjonane er mangfaldige: Den filippinske asiabutikkeigaren i Førde brukar morsmålet berre når ho verkeleg må. Den marokkanske faren snakkar konsekvent berbisk med sonen sin under fotballtreninga, medan han samstundes snakkar norsk til dei andre barna. Og vi møter den samisk-kvenske tromsværingen som først i vaksen alder lærde å forstå språka som ho var omgitt av i oppveksten. Den faglitterære teksten av språkforskar Øystein A. Vangsnes set dokumentarprosjektet i eit større perspektiv.