Kirjojen hintavertailu – 12 859 818 kirjaa ja 27 kauppaa

Kirjailija

Anders Totland

Kirjat ja teokset yhdessä paikassa: 22 kirjaa, julkaisuja vuosilta 2015–2025, suosituimpiin kuuluu Samson snakkar sant. Vertaile teosten hintoja ja tarkista saatavuus suomalaisista kirjakaupoista.

22 kirjaa

Kirjojen julkaisuvuodet: 2015–2025.

Til døden skil oss

Til døden skil oss

Anders Totland

Samlaget
2025
nidottu
Jacob Juul er tilbake! Det er ei veke til den nye presten i bygda, Maria, skal gifta seg med Gjertrud, og gamlepresten Jacob Juul har tatt på seg vertskapsrolla og invitert til bryllaupsfest i prestegarden. Han får god hjelp av barnebarnet, Isabella Donnatina, som også skal vera brurepike, og ikkje fullt så god hjelp frå mor til Maria, Solveig Myklebust, som viser seg å vera ei handfull, men heldigvis er det fleire andre gode hjelparar. Det er derimot ei utfordring at den eine brura, Gjertrud, er gravid, og at sommaren er den varmaste i manns minne, og det hjelper ikkje at helsa til Jacob skrantar, men det mest prekære er likevel å få fjerna eit nake og oljete lik frå andre etasje og rista av seg eit par skruppellause bandittar som herjar i nabolaget. Ja, og å overtyda barnevernet om at prestegarden er den rette heimen for Isabella Donnatina, da. Velkommen tilbake til Finnskogen!
Mamma på dass

Mamma på dass

Anders Totland

Vigmostad Bjørke
2025
sidottu
Eg kunne ikkje tru det. Mobilen dirra i handa mi. Liva våre var redusert til content. Alle dei pinlege bileta og dei flaue historiene var lagt rett ut på internett. Både mine og Omar sine foreldre hadde svin på skogen, men det var ingen tvil om kven som var verst. Miss Kardashian Norway. The influencer formerly known as mamma. Men no var det slutt. Me hadde sett kva dei dreiv med, kva dei hadde utsett oss for. Og me fann oss ikkje i det. Det var berre ein ting å gjera. Me måtte ta hemn.
Til døden skil oss

Til døden skil oss

Anders Totland

Samlaget
2024
sidottu
Jacob Juul er tilbake! Det er ei veke til den nye presten i bygda, Maria, skal gifta seg med Gjertrud, og gamlepresten Jacob Juul har tatt på seg vertskapsrolla og invitert til bryllaupsfest i prestegarden. Han får god hjelp av barnebarnet, Isabella Donnatina, som også skal vera brurepike, og ikkje fullt så god hjelp frå mor til Maria, Solveig Myklebust, som viser seg å vera ei handfull, men heldigvis er det fleire andre gode hjelparar. Det er derimot ei utfordring at den eine brura, Gjertrud, er gravid, og at sommaren er den varmaste i manns minne, og det hjelper ikkje at helsa til Jacob skrantar, men det mest prekære er likevel å få fjerna eit nake og oljete lik frå andre etasje og rista av seg eit par skruppellause bandittar som herjar i nabolaget. Ja, og å overtyda barnevernet om at prestegarden er den rette heimen for Isabella Donnatina, da. Velkommen tilbake til Finnskogen! Om Til jord skal du bli (2022): "Rølpete roman om en pensjonert prest som blir morder på side 1. Anbefales!" - SISS VIK, NRK "En lettbeint, velturnert, underholdende røverroman." - SIGMUND JENSEN, STAVANGER AFTENBLAD
Gunnars rekordbok

Gunnars rekordbok

Anders Totland

Vigmostad Bjørke
2024
sidottu
Verdas mest hemmelege rekordbok. Gunnar har ei bok. Ei bok full av rekordar. Der skriv han om Sivert, som er verdas beste kamerat, om far til Sivert, som må vera verdas blidaste mann, om pappa, som berre ligg på sofaen og er den tristaste Gunnar veit om. Og om Vilde, som har verdas finaste smil. Men han skriv ikkje om korleis eit hjarte berre kan slutta å slå, og han skriv ikkje om mamma. Han viser ikkje boka til nokon. Ingen får lesa Gunnars rekordbok. "Kvardagsleg og vakkert om sorg ... ei underfundig og fin bok" Walter Wehus, Barnebokkritikk.no
Til jord skal du bli

Til jord skal du bli

Anders Totland

Samlaget
2023
pokkari
Tragikomisk noir frå Finnskogen. Det blir mykje på ein gong for Jacob Juul. På få dagar går han frå å vera pensjonert prest og spritseljar som nyt sitt otium, til å bli enkemann og nybakt bestefar for ei 7 år gammal jente. Og om ikkje det var nok, blir han også drapsmann. No har han ein daud torpedo i spritskjulet å kvitta seg med og ein kriminell konspirasjon å redda seg sjølv og vesle Isabella Donnatina frå, men heldigvis har ein livslang karriere i Den norske kyrkja førebudd han på å møta dei fleste omstende med ro og optimisme. For som han seier det sjølv: «Det er utruleg kva ein opplever gjennom meir enn 40 år med besøk i private heimar for å planlegga dåp, bryllaup og gravferd.»
Til jord skal du bli

Til jord skal du bli

Anders Totland

Samlaget
2022
sidottu
Tragikomisk noir frå Finnskogen. Det blir mykje på ein gong for Jacob Juul. På få dagar går han frå å vera pensjonert prest og spritseljar som nyt sitt otium, til å bli enkemann og nybakt bestefar for ei 7 år gammal jente. Og om ikkje det var nok, blir han også drapsmann. No har han ein daud torpedo i spritskjulet å kvitta seg med og ein kriminell konspirasjon å redda seg sjølv og vesle Isabella Donnatina frå, men heldigvis har ein livslang karriere i Den norske kyrkja førebudd han på å møta dei fleste omstende med ro og optimisme. For som han seier det sjølv: «Det er utruleg kva ein opplever gjennom meir enn 40 år med besøk i private heimar for å planlegga dåp, bryllaup og gravferd.»
Norske sjørøvarar

Norske sjørøvarar

Anders Totland

Gyldendal
2022
sidottu
Dei kjempa og slost, drap og blei drepne. For sjørøvarane var livet blodig alvor. På utsida av samfunnet, som lovlause sjømenn, har dei i tusenvis av år gjort havet farleg folk som siglar rundt med varer. Somme kom frå Noreg. Andre høyrde heime i andre land, men kom til havområda utanfor Noreg for å røva. For dei som blei tatt, venta som regel ein dødsdom. Historia om dei verkelege sjørøvarane handlar om sjømenn som kom frå fattigdom, men drøymde om rikdom. Men det er òg historia om korleis ulike kongar og dronningar har brukt alle tenkelege verkemiddel for å kjempa til seg makt. Som i dei fire førre sakprosabøkene for unge (Den norske slavehandelen, Nattmannen, Lepra og Pest og plage) tar Totland også her for seg internasjonale fenomen med eit norsk perspektiv. Bøkene har til felles at dei handlar om ukjende, mørke sider ved norsk historie. Dette er spennande og lett tilgjengelege bøker for barn og unge som liker korte historier om det som verkeleg har hendt.
Pest og plage

Pest og plage

Anders Totland

Gyldendal
2021
sidottu
Det har vore skikkeleg tøffe pandemiar i Noreg også før koronaen. Den mest kjente er svartedauden, men også tuberkulose, koppar, lepra og polio har ramma folk og samfunn på brutalt vis. I denne boka fortel Anders Totland om mange av dei verste pandemiane, gjennom skjebnane til enkeltmenneske. Vi får høyre om losen Knud Jensen som blei smitta med kolerabakterien av lapskausen om bord i skipet han førte ut Drammensfjorden. Vi blir også kjent med Marie Myhr som mista halve familien sin i spanskesjuka tidleg på 1900-talet. Mot slutten av hundreåret blei Jacob Hermansen ramma av hiv-/aids-sjukdommen. Han fortel sjølv korleis han opplevde det, og kva for konsekvensar det hadde, men også om korleis livet etter kvart gjekk vidare. Boka handlar også om vaksinar og korleis sjukdomane er blitt slått ned. Vi får håpe det er situasjonen for vår tids verste pandemi òg når boka kjem ut i august. Målgruppe frå ti år – og langt oppover. Spennande og lett tilgjengeleg for barn og unge som liker korte historier frå verkelegheita. Pest og plage er ein frittståande oppfølgar til Den norske slavehandelen, Nattmannen og Lepra. Desse bøkene har til felles at dei handlar om litt ukjente, mørke sider av norsk historie.
Blindsone

Blindsone

Anders Totland

Gyldendal
2021
sidottu
For Sanne er det berre ein ting som gjeld: kjærasten Henrik. Det er dei to mot verda. Så nærmar russefesten seg, og Sanne blir overraska når Henrik plutseleg vil dra dit. Han har då ikkje vore oppteken av sånn før? Sanne vil ikkje vera klengete, men når ho anar ein sjanse til å bli med på festen og halda eit auge med Henrik, grip ho han. Anders Totland har skrive ei rekke bøker for barn, ungdom og vaksne. I Blindsone held han fram med å skildra den såre ungdomstida og kor vanskeleg det kan vera å akseptera seg sjølv. Det har blitt ei historie om altoppslukande kjærleik, å mista seg sjølv, og å finna seg att.
Vindmøllekampen

Vindmøllekampen

Anders Totland

Samlaget
2021
sidottu
Kvifor reiser folket seg til kamp mot vindkrafta? Kvifor har motstanden mot vindkraft eksplodert i Noreg? Utbygging av nye vindkraftanlegg hadde politisk støtte og skapte lite konflikt, men no er det bråk over heile landet. Debatten om vindkrafta har hardna til, nyhendebiletet er prega av brennande anleggsmaskinar, stadig nye rettssaker, skuldingar om korrupsjon, kommunevåpen som er spraya med hakekors, og utanlandske selskap har møtt påstandar om at dei prøver å fullføra det tyskarane ikkje klarte i 1945. Anders Totland har reist land og strand rundt for å forstå kva i alle dagar det er som skjer. Han tar oss blant anna med til Trøndelag og den store, nasjonale mobiliseringa på Frøya, til starten på organisasjonen Motvind, til Sognefjorden der lokalpolitikarane kjempar iherdig mot utbyggingskåte selskap, og til Andøya der vindkraftmotstandarane har sigra. Totland viser korleis storpolitikken utspelar seg dag for dag, med stadig fleire kritiske blikk på vindkraftutbygginga. Men aller mest opptatt er han av menneska. Kva er det som får dei til å reisa seg til kamp? Kva er det som triggar og driv og får elden til å spreia seg frå sjel til sjel, og folk til å halda ut - år etter år? Anders Totland (f. 1986) er busett på Valen i Sunnhordland. Han er utdanna samfunnsvitar og har skrive ei rekke bøker i ulike sjangrar dei siste åra, også tre sakprosabøker for ungdom. Totland har ti års røynsle som journalist i Haugesunds Avis, Kvinnheringen og Sunnhordland.
Vintertonar

Vintertonar

Anders Totland

Samlaget
2020
pokkari
Kan ein reparere ein knust familie? «Eg ville fortelje mor si historie, vår historie. Men det blei for nært, for uforståeleg. Alt det svarte og kvite eg trudde eg skulle ta tak i, flaut meir og meir saman til utydelege gråtonar for kvar side eg las i bøkene. Kven var ho eigentleg?» Ein urovekkjande telefonsamtale driv Isak til å vende tilbake til bygda han vaks opp i, ein stad han for lengst trudde han hadde lagt bak seg. I møte med sin døyande far og søstera han aldri blir klok på, prøver han å komme nærmare si eiga historie: finne svar på kva som eigentleg skjedde med mora, og kven som har svike kven. Vintertonar er ei historie om sanning, løgn og løyndommar og om stilla som høyrer heime imellom.
Leseland 2019

Leseland 2019

Lars Mæhle; Anders Totland; Lin Hallberg; Trude Tjensvold; Laura Djupvik; Jo Salmson; Jimmy Wallin; Atle Berge

Samlaget
2019
muu
Innheld alle dei 10 bøkene i Leseland-serien som kom i 2019. Nivå 1: "Gjett ordet med lurivar. Første ord" Nivå 2: "Storebror", "Ut i rommet", "Den magiske dyrebutikken. Ein venn til Leo", "Den magiske dyrebutikken. Ester lengtar", "Vil du ha katt?" Nivå 3: "Jenta i kista", "Hjelp! Eit spøkelseshus!", "Hjelp! Det brenn!", "Robot-birk"
Nattmannen

Nattmannen

Anders Totland

Gyldendal
2019
sidottu
En faktabok med ti sanne historier om folk uten ære. Nattmannen var han som tok seg av avfallet, flådde hester og ryddet etter at bøddelen hadde gjort sitt. Dette yrket ble sett på som fullstendig æreløst, og folk trodde helt på alvor at nattmannen var smittsom. En av de ti sanne historiene i boka handler om rakkerungene som ble så dårlig behandlet at kongen måtte trå til. Vi får også høre om banden fra Nattmannshaugen i Oslo som herjet vilt og endte i galgen og om et lik som satte en hel by på hodet, siden ingen ville ta på seg jobben med å bære det til graven. Nattmannen handler om ære og skam, og hva det gjør med et menneske og en gruppe å bli satt på utsiden av det gode fellesskapet. Boka er illustrert i tegneserieaktig stil av Kristian Krohg-Sørensen.«Totland skriver tørrvittig og poengtert om skjebnene til nattmennene på en måte som ikke bare er underholdende, men som også øker forståelsen av vår forhistorie.» Egon Låstad i Prosa
Nedteljing

Nedteljing

Anders Totland

Gyldendal
2018
sidottu
Viggo er forelska i kjærasten til bestekameraten. Situasjonen er heilt håplaus, fram til Viggo blir introdusert for konseptet chatroulette. I motsetning til jentene på skulen, er jentene han møter på internett som henta ut av ein våt draum. Men kva skjer når draumen blir til mareritt? Fengslande og dramatisk om kor fort livet kan endra seg, skrive av ein av våre mest lovande ungdomsbokforfattarar.
Den norske slavehandelen

Den norske slavehandelen

Anders Totland

Gyldendal
2018
sidottu
I denne boka skildrer Anders Totland livet og hverdagen til de norske deltakerne i slavehandelen. Det var nordmenn i alle ledd. De reiste til sjøs, med skipene fulle av afrikanske slaver, og de jobbet på dansknorske slavefort i Afrika og i Amerika. Vi får høre om en mektig dommer fra Ringerike som torturerte og drepte et tosifret antall slaver. Og vi blir kjent med en sliten skipper fra Bergen som mistet både jobb og familie, før han fikk en ny sjanse på et slaveskip. Selv Tordenskiold, den store krigshelten, var aktivt med i denne handelen. Når vi leser om disse skjebnene, får vi innblikk i livet slik det var på 1600- og 1700-tallet, rått og brutalt og hjerteskjærende. Men også i denne mørke delen av norsk historie fins det nyanser. Boka er illustrert i en poengtert tegneseriestil med tidsriktige detaljer. «Viktig og engasjerande» Marianne Lystrup i Vårt Land.«Den norske slavehandelen er en viktig korreks til norske lærebøker» Guri Fjeldberg i Bergens Tidende.«Med lett penn og godt språk gjer Totland det vanskelege forståeleg.» Trude Aarsand i Kvinnheringen.http://www.sunnhordland.no/kultur/totland-nominert-til-pris-for-boka-om-norsk-slavehandel-1.2592224Anders Totland (født 1986 i Bømlo) er forfatter, journalist, kokk og organist. Han har blant annet utgitt de kritikerroste ungdomsromanene Engel i snøen og Så lenge ingen ser oss på Gyldendal. Engel i snøen vant Nynorsk barnelitteraturpris 2016 og er også oversatt til dansk. Kristian Krogh-Sørensen (født 1980) er journalist og tegneserieskaper. Han debuterte med boken Gulosten: Liv i helvete som ble kåret til en av Årets beste bøker av Dagbladet og Klassekampen. Han har også utgitt Sporveien i Oslo og Den russiske revolusjonen.
Digg; gjer kvardagen til ein fest
Ein gong skulle Anders verta stjernekokk, med Michelin-stjerner og hundre timars arbeidsveke, men før han kom så langt møtte han veggen. No, ti år seinare, har forfattaren, hagebonden, journalisten og småbarnsfaren funne ein heilt annan måte å kokkelere på. Saman med fotografkamerat og kollega deler han no triksa som gjer kvardagen til fest. I kokeboka DIGG finn vi alle ingrediensane som høyrer heime i ei kokebok: forrettar, supper, middagar og dessertar, men Anders Totland spissar det heile med eit par heilt eigne krydder. Her finn du kapittelet «Rettar som lagar seg sjølv» for dei med lita tid og mange gjestar, «Frå hage til mage» til dei med grøne fingrar og uante mengder etande ugras. Kva med friterte blomar til middag? Og får du litt til overs har Anders restetips til kvar oppskrift samt eit eige kapittel om restemat. Dei festlege rettane i boka kan lagast av kven som helst, med kvardagslege ingrediensar alle kan finne i nærbutikken i kvar einaste krå av landet. Med anekdotar som frå si eiga bryllaupsreise, jakta på den perfekte «crepe» og verdas mest tolmodige kone skildrar han livet som matgal før han snøgt tek oss attende til kjøkkenbenken der 4-åringen ventar svolten på fleskepannekaker. Saman med fotograf Marius Knutsen har Anders Totland lagar han ei saftig, rå og raus kokebok som inspirerer sjølv den matleie i tidsklemma.
Engel i snøen

Engel i snøen

Anders Totland

Gyldendal
2016
sidottu
Det er vinter, og det snør, men ikkje alle er ute og leikar i snøen. Nokon orkar berre å stå ved vindauget og sjå ut på snøkrystalla. Nokon vil ikkje at pappa skal vite at ein har vondt, sjølv om pappa veit at ein er sjuk, veldig sjuk. Nokon har snart bursdag. Nokon skal snart døy. Utdrag fra boken:– Det er ikkje lenge til no, sa Idun.– De treng ikkje laga til noko for meg, sa eg. Idun smilte.– Klart me skal det, sa Idun.– Nei, det går bra, sa eg.– Er du redd det skal bli for mykje styr for deg? Eg nikka svakt.– Har du veldig mykje vondt? Eit nytt nikk.– Men ikkje sei noko til pappa, sa eg. Engel i snøen er en sterk og god ungdomsroman. Kronprinsesse Mette-Marit har ved flere anledning anbefalt boken, senest på NRK P3." Totlands språk er knapt, lettfattelig og litt naivt, med plass til mye mellom linjene. Rune Markhus’ tegninger til hvert kapittel kommenterer handlingen, og en dobbeltsidig illustrasjon av snøkrystaller bryter opp teksten og skaper en slående effekt helt mot slutten. Snø er en gjennomgangsmetafor. Faren forteller at han liker å tenke på menneskene som snøkrystaller, som «kjem ut av ingenting og svevar gjennom verda ei kort stund, uendeleg vakre og heilt spesielle». Noe sier meg at dette har vært Totlands mål for boka også, og han lykkes langt på vei: Fort lest, men sent glemt. En bok som både trøster og berører. (…) Dette er litteratur på et helt annet nivå enn det jeg selv kom over i min sentimentale slukealder." Dagbladet"I alt det som ikke utpensles i denne korte, lille, men store boken, i de uuttalte tingene, de tomme rommene, er det mye av både kvaliteten og dens evne til å bevege leseren ligger. (…) Den sårbare slutten med sin fine skildring av en fars omsorg for et sykt barn bringer også et par tanker til Lars Amund Vaages mesterlige Syngja –der også sangen er et lindrende motiv– om enn på en annen måte. Totlands lavmælte og snøfylte ungdomsbok er en stille storm ­– en sår og bevegende leseropplevelse."barnebokkritikk.no"Engel i snøen er en slik bok som blir rikere av at man deler den med andre. Her er mye å tenke på for alle som ønsker å ta døden på alvor. Selv om romanen lanseres for ungdom, vil den trolig fungere vel så godt til høytlesing for barn i barneskolealder. Stemningen i sykerommet blir aldri tung. Likevel slipper den ikke taket så lett." Bergens Tidende
Vampyrane i eplehagen

Vampyrane i eplehagen

Anders Totland

Kapabel
2015
sidottu
Bestefar i Eplehagen er prest. Når han ikkje er i kyrkja, tuslar han for seg sjølv og plukkar deilige, raude eple rett frå trea. Heilt til dei blodtørstige naboane dukkar opp ... Anders Totland er kokk, organist, og journalist. Vampyrane i Eplehagen er hans første bok. Historia er basert på ein ekte bestefar.
Samson snakkar sant

Samson snakkar sant

Anders Totland

Det Norske Samlaget
Sidottu
Katastrofedagbøkene er ein humoristisk og spennande bokserie for barn frå seks år og oppover. Serien følger ni år gamle Samson, som stadig hamnar i trøbbel sjølv når han meiner det godt. Samson synest ikkje det er så veldig viktig at han snakkar sant, så lenge folk ikkje blir lei seg. Men ein dag endrar alt seg, då bestemor fortel ei urgammal hemmelegheit om kva som skjer når folk lyg. Der og då bestemmer Samson seg: Han skal aldri lyga igjen. Alt han seier, skal vera sant. Men det som først verkar som ein god idé, viser seg raskt å føra til mykje trøbbel. Det blir rett og slett heilt katastrofe!
Flukta frå dustefamilien

Flukta frå dustefamilien

Anders Totland

Det Norske Samlaget
Sidottu
Katastrofedagbøkene er ein humoristisk og spennande bokserie for barn frå seks år og oppover. Serien følger ni år gamle Samson, som stadig hamnar i trøbbel sjølv når han meiner det godt. Med fart, humor og akkurat passe actionfylt spenning treffer bøkene mange av dei nyaste lesarane. Samson har gledd seg i fleire veker til at søskenbarnet Storm skal komma på besøk. Men når han kjem, blir ingenting slik Samson hadde tenkt. Kvifor vil ikkje Storm leika med han lenger? Dei som tidlegare har vore så gode vener, og no vil Storm berre henga med Kim og Vilde? Det gjev ikkje meining. Heile helga blir berre dum. Til slutt bestemmer Samson seg for å gjera noko med det sjølv, akkurat medan det held på å blåsa opp til snøstorm. Det blir heilt katastrofe!