Kirjojen hintavertailu – 12 859 818 kirjaa ja 27 kauppaa

Kirjailija

Edmund Austigard

Kirjat ja teokset yhdessä paikassa: 7 kirjaa, julkaisuja vuosilta 2007–2025, suosituimpiin kuuluu Vegar ut til alle kantar. Vertaile teosten hintoja ja tarkista saatavuus suomalaisista kirjakaupoista.

7 kirjaa

Kirjojen julkaisuvuodet: 2007–2025.

Vegar ut til alle kantar

Vegar ut til alle kantar

Rasmus Løland; Arne Garborg; Helge Torvund; Terje Torkildsen; Gaute M. Sortland; Tore Renberg; Oda Malmin; Siri M. Kvamme; Edmund Austigard; Arnt Birkedal; Inger Bråtveit; Kristin Auestad Danielsen; Heidi Hjorteland; Odveig Klyve

Wigestrand
2020
nidottu
Faktisk vil han heller døy enn å vere til bry. Frå «Sansen for det søte», Siri M. Kvamme Grevinneheng har ho også. Dei må då minst vera ti centimeter, ... Frå «Naken» Heidi Hjorteland. Vi øver oss på å ikkje røra kvarandre, å halda avstand, ... Vi slår på radioen og høyrer at verda har feber. Frå «Ein dag vil vi gløyma», Odveig Klyve Blei det någe i bilen, då? spør han eine. Å ja, seier Kjatti. Full pakke, smiler Kjatti ... Frå «Den lange vegen inn til Stavanger by», Kristin Auestad Danielsen ... han har smugla på alskens saker og ting, og triksa med forsikringa ... Frå «Julebrev frå Oddemann på Neset», Tore Renberg Me må jo pynta oss litt når mannfolkå komme, sa ho og smilte med heile fjeset. Frå «Blondinefabrikken», Terje Torkildsen Her er språkkraft og skaparkraft, og her er alvor, humor, fantasi og realisme i god blanding. Det er berre å la seg riva med!
Hvítrheimr

Hvítrheimr

Edmund Austigard

Oktober
2025
sidottu
Ein Vassfadl er det siste leddet i ei stolt slekt frå fjellgarden under breen Hvítrheimr, med røter tilbake til istida. Ifølgje mytane er auren i fjellvatna under breen deira ansvar. Døyr auren ut, er endetida nær. Rett før aurafisket det året Ein er tolv år, bryt han forbodet mot å røre den heilage heimsboka, og dagen etter er all fisk i vatnet død. Deretter følgjer ulykke på ulykke i livet til Ein, og nå er Ein slått konkurs, han har ingen arvtakar eller veg ut. Han er ein mann utan framtid. Staten kjem til å overta heile området under breen og demme det opp. Alt han elskar kjem til å forsvinne. Med mindre det finst krefter i dette universet som vil det annleis. Edmund Austigard har Hvítrheimr skapt ei verd med ein eigen mytologi - opphavsmytar, ritual, heilage gjenstandar, påbod, forbod og forbanningar. Det er ei verd der det mytiske og det verkelege er vanskeleg å skilje. Det handlar om breen som smeltar, auren som døyr, språk og kultur som forsvinn, å ta val som kan få uopprettelege følgjer. Hvítrheimr er ein moderne fabel om kampen om ressursar, ansvar og om kunsten å gå myr.
Jakta på Bjednekniven

Jakta på Bjednekniven

Jarl Austigard; Edmund Austigard

Wigestrand
2009
sidottu
Jakta på Bjednekniven er ein roman for barn og unge. Her møter me dei to gutane Magnus og Svein frå Stavanger, som reiser på påskeferie til Løland i Suldal. Der møter dei Heidi og Charlotte. Ferien deira vert prega av spenning og løyndom, gåter og fantasi. Om forfattarane: Jarl Austigard (f. 02.04.42) er frå Årdal i Ryfylke. Han har skrive petitartiklar for lokalavisa Bygdaposten og skriv tekstar for Hjelmeland Teaterlag. Edmund Austigard (f. 18.09.64) er oppvaksen i Årdal, men bur nå i Oslo. Har tidlegare gitt ut romanane Krinsereglane (2005) og Taxi for B. A. Beckstrøm - eller kunsten å danse på furu (2007), begge på Det norske Samlaget.
Taxi for B.A. Beckström, eller Kunsten å danse på furu
Det er jul, og 92-år gamle B. A. Beckström drit seg ut i kassa på Rimi. Da han kjem heim, ringer telefonen for første gang på tre uker, og han legg merke til slitasje i furugolvet. Han bestemmer seg for å ta den reisa han har utsett i femti år, ei reise som skal gå innom der hans store kjærleik kanskje fortsatt bur. Saman med drosjesjåføren Ali legg han ut på den store julereisa.
Taxi for B.A. Beckström, eller Kunsten å danse på furu
B. A. Beckstrøm er 92 år gammal. Han gjer ein dårleg figur i kassa på Rimi. Vel heime ringer telefonen for første gong på tre veker. Samstundes ser han slitasje i furugolvet som han alltid har trødd på med den største varsemd. Då bestemmer han seg endeleg for å gjere den reisa han har utsett i femti år. Han skal innom huset der han trur den store kjærleiken i livet hans bur. B. A. Beckstrøm skal heim til jul. Det er like før han snur når han ser at det er Ali som køyrer drosja. Men ting går seg til. Saman legg dei ut på den store julereisa.
Krinsereglane

Krinsereglane

Edmund Austigard

Samlaget
2007
sidottu
Aldri før har du fått ei slik innføring i skrivne reglar for kva som gjeld og ikkje gjeld i eit bygdesamfunn som her. Ein morgon sit eg-personen på ein deli i Chicago og ventar på avismannen J. J. Rodale. Samtidig tenkjer han på kva som eigentleg hende den dagen i 1924 då heimbygda Årdal fekk to kaffisortar i omløp. Kom verda til Årdal, eller kom Årdal til verda? Krinsereglane er ei alvorleg, men samtidig svært humoristisk bygdekrønike, ein kollektivroman og ein skarp analyse av mellomkrigstida. Edmund Austigard har skrive ein fantastisk debutroman.
Krinsereglane

Krinsereglane

Edmund Austigard

Samlaget
2007
pokkari
Aldri før har du fått ei slik innføring i skrivne reglar for kva som gjeld og ikkje gjeld i eit bygdesamfunn som her. Ein morgon sit eg-personen på ein deli i Chicago og ventar på avismannen J. J. Rodale. Samtidig tenkjer han på kva som eigentleg hende den dagen i 1924 då heimbygda Årdal fekk to kaffisortar i omløp. Kom verda til Årdal, eller kom Årdal til verda? Krinsereglane er ei alvorleg, men samtidig svært humoristisk bygdekrønike, ein kollektivroman og ein skarp analyse av mellomkrigstida.