Kirjojen hintavertailu – 12 859 818 kirjaa ja 27 kauppaa

Kirjailija

Erlend Kaasa

Kirjat ja teokset yhdessä paikassa: 6 kirjaa, julkaisuja vuosilta 2009–2025, suosituimpiin kuuluu (44). Vertaile teosten hintoja ja tarkista saatavuus suomalaisista kirjakaupoista.

6 kirjaa

Kirjojen julkaisuvuodet: 2009–2025.

(44)

(44)

Erlend Kaasa

Samlaget
2025
sidottu
Ein familiekjær forfattar blir skulda for å ha skrive eit misogynt manus. Ein trampoline opnar porten inn til dei store gåtene i livet. Kongen av Strava må ta affære då han blir utsett for eit overrumplande kupp. Ei søvnlaus kvinne gruar seg til ein romantisk weekend i Gdansk. Det blodige sporet til eit skamskote dyr fører ein jeger ut av kurs. Ein dokkeheim tek så smått form i ein kjellarhybel på Vigrestad. Fagre Frøydis byrjar å innsjå at ho ikkje er like fager lenger. Og ein mann går inn på det gamle guterommet sitt og oppdagar at heile livet hans er hengt opp på veggen. Gjennom dei åtte novellene i (44) møter vi personar som kvar på sitt vis byrjar bli merkte av livet dei har levd: Av uutgrundelege val og tilfeldige møte. Forspilte sjansar. Usannsynlege triumfar og lukketreff. Kjærleik. Svik. Askese. Eksess. Mot. Hovmot.(44) gjev lesaren innblikk i eit knippe livsløp som har glidd inn i faste former, men som enno ikkje har stivna heilt.
Og alle ting vert nye

Og alle ting vert nye

Rakel Solstad; Erlend Kaasa; Annlaug Selstø; Susanne Skogstad; Anne Lise Frøkedal; Inger Bråtveit; Oda Malmin; Tore Kvæven; Aina Basso

Samlaget
2021
sidottu
Ein tidlegare laushund tar på seg ansvaret for ein heil nasjon, og tenker at dette er billetten til eit betre liv. To bestevener er i ferd med å skli frå kvarandre sjølv om den eine kjempar imot. Ein mann møter blikket til eit lite barn og ser det livet han sjølv kunne hatt, medan ein annan mann blir hjelpelaus tilskodar når familiegarden og fem generasjonars strev går opp i flammar. Novellene i Og alle ting vert nye handlar om å høyre til, om røter og slekters gang, dei spenner frå tidlegare tider via vår eiga tid og ut i verdsrommet. Dei nyskrivne novellene i denne samlinga presenterer styrken og breidda i den nynorske litteraturen. Her får forfattarane briljere i kortformat, lett tilgjengeleg for lesaren. Novellene er skrivne av: Tore Kvæven, Susanne Skogstad, Erlend Kaasa, Rakel Solstad, Aina Basso, Annlaug Selstø, Oda Malmin og Inger Bråtveit. Boka presenterer òg ein debutant, Anne Lise Frøkedal. Og alle ting vert nye er andre utgåva i den årlege novelleantologien Nye nynorske noveller.
Men ikkje Maria

Men ikkje Maria

Erlend Kaasa

Samlaget
2019
sidottu
Om å leve i bulderet frå undergangen. Familielivet har ikkje alltid vore eit opplagt val for Palle. Men no er han her, med kona Gro og eit lite barn i ein forstad til Bergen. Han har nettopp gått ut i pappapermisjon og ser fram til å vie seg til familielivet og til å bli betre kjent med vesle Dagne. Men like under den kvardagslege overflata ulmar eit fortærande mørke. Gro innleier eit forhold til ein eldre kollega, og snart dukkar også den albanske au pairen Maria opp i livet deira. Gradvis tek ho over Gro si rolle i heimen og får sterke band til barnet og Palle. «Men ikkje Maria» er ein roman om eit liv som pendlar mellom frelse og undergang. Det er ein roman om begjær, svik, kjærleik og død og om kor ualminneleg vanskeleg det kan vere å leve eit alminneleg, enkelt liv.
Livius

Livius

Erlend Kaasa

Samlaget
2015
sidottu
Lam er offiser i ein invasjonsstyrke. Jobben hans er å reinske ut siste rest av motstand i det invaderte landet. Krigens råskap gjer han stadig meir desillusjonert, og i opprør mot det moralske forfallet som omgjev han, gjer han seg skuldig i eit alvorleg brotsverk. Som straff blir han og mennene hans sendt ut på eit livsfarleg oppdrag djupt inne bak fiendens liner. Målet for oppdraget er opprørspoeten Livius, som spreier propaganda og gir folket ny kampvilje. Når ein ung gut kryssar vegen til soldatane, tek historia ei ny vending, og Lam får igjen ei sak å kjempe for. Livius er ein roman om fedrar og søner, om idealisme og desillusjon, om å gå seg vill, og om kampen for å finne meining i ei verd der all meining synest å ha gått tapt.
Thunder road

Thunder road

Erlend Kaasa

Samlaget
2011
pokkari
Thunder Road er ein velskriven debutroman om vennskapen mellom bestefar og Mattis og kva ein gjer når forteljinga om eigen familie viser seg å ikkje vere sann. Her er også Bruce Springsteen-hat, unge menn i Fristad-jakker og dame-trøbbel. Forfattaren skriv glitrande om ein hovudperson som blir sliten mellom draumen om det han vil ha, og det han faktisk kan få i livet.
Thunder road

Thunder road

Erlend Kaasa

Samlaget
2009
sidottu
DEBUTANT! Mattis er tilbake der han kom frå, og då han som vaksen trør over terskelen til bestefarshuset, slår minna imot han som ein velplassert knyttneve i magen. Thunder Road er ein velskriven debutroman om vennskapen mellom bestefar og Mattis og kva ein gjer når forteljinga om eigen familie viser seg å ikkje vere sann. Her er også Bruce Springsteen-hat, unge menn i Fristad-jakker og dame-trøbbel. Forfattaren skriv glitrande om ein hovudperson som blir sliten mellom draumen om det han vil ha, og det han faktisk kan få i livet.