Kirjojen hintavertailu – 12 859 818 kirjaa ja 27 kauppaa

Kirjailija

Hilde Myklebust

Kirjat ja teokset yhdessä paikassa: 11 kirjaa, julkaisuja vuosilta 2007–2025, suosituimpiin kuuluu Ingenmannsland. Vertaile teosten hintoja ja tarkista saatavuus suomalaisista kirjakaupoista.

11 kirjaa

Kirjojen julkaisuvuodet: 2007–2025.

Ingenmannsland

Ingenmannsland

Ingrid Senje; Solfrid Sivertsen; Hilde Myklebust; Ingvild Holvik; Rønnaug Kleiva; Sigrid Merethe Hanssen; Lars Petter Sveen; Marit O. Kaldhol; Vidar Kvalshaug

Samlaget
2020
sidottu
Korte forteljingar som blir verande lenge i lesaren. Eit elskande par hamnar på sjøen, ei kvinne tar seg av den aldrande mor si og prøver å finne kjærleiken samstundes, ein gut er redd for å bli eit monster i løpet av natta, ei kvinne ber den døde hunden sin gjennom skogen for å finne ein gravstad. Novellene i «Ingenmannsland» handlar om utroskap, angst, kjærleik og lengt, men òg om kampen for tilværet, utanforskap og radikalisering. Her er realistisk samtid og dystopisk framtid. Dei nyskrivne novellene i denne samlinga presenterer styrken og breidda i den nynorske litteraturen, som aldri har stått sterkare enn i dag. Her får forfattarane briljere i kortformat, lett tilgjengeleg for lesaren. Dei som bidrar, er blant våre fremste forfattarar: Marit Kaldhol, Ingvild Holvik, Sigrid Merethe Hanssen, Vidar Kvalshaug, Solfrid Sivertsen, Hilde Myklebust, Rønnaug Kleiva og Lars Petter Sveen. Boka presenterer òg ein debutant, Ingrid Senje. «Ingenmannsland» er første utgåve i den årlege novelleantologien «Nye nynorske noveller».
Grisungen med den rette halen

Grisungen med den rette halen

Hilde Myklebust

Samlaget
2024
sidottu
Ein dag oppdagar Grisungen noko som gjer han heilt forskrekka: Han har ikkje krøll på halen! Alle dei andre grisane har spreke halekrøllar, berre ikkje Grisungen. Han må få krøll på halen, for det skal jo grisar ha? Dei andre dyra på garden er ikkje til særleg hjelp, og gode råd er dyre. Men så møter han Jentungen. Kan ho hjelpe Grisungen, tru? Grisungen med den rette halen er ei varm og morosam forteljing om å kjenne seg annleis, rikt og sjarmerande illustrert av Bård Sletvold Torkildsen.
Splintra

Splintra

Hilde Myklebust

Samlaget
2022
sidottu
Lukkeleg og full av sorg. Sommaren etter tiande klasse ligg fri og utstrekt framfor Mia og vennegjengen hennar. Snart ventar vidaregåande, og dei skal splintrast og fyke i kvar sine retningar. Men dei har denne sommaren i lag, her og no. I løpet av ferien kjem Mia og Are nær kvarandre på ein ny måte, og det blir vanskeleg å skilje mellom kva som er vennskap og kva som er kjærleik. Hausten kjem, og Mia flyttar på hybel. Ho blømer i det nye miljøet på musikklinja med musikal og konsertar, hybelliv, festing og nye venner. Så blir Are sjuk. Veldig sjuk. «Splintra» er ein rik roman om vennskap. Om korleis det er mogleg å vere både lukkeleg og full av sorg når noko veldig fint og noko veldig vondt hender på same tid. I 2022 blei boka nominert til Brageprisen, til U-prisen og er valt ut som ein White Raven i 2023. «Splintra» har fått ei rekke gode meldingar.
Ylva og villgeitene

Ylva og villgeitene

Hilde Myklebust

Samlaget
2020
sidottu
Poetisk om modig jente i naturen. Ylva og pappa er på veg til sommarhuset, som ligg ute ved havet. Men dei er ikkje aleine under dei bratte fjellsidene. Villbukken Svartskjegg og geiteflokken hans held også til her. Det same gjer ørna. Ylva oppdagar noko nede i fjøresteinane. Noko lite og levande. Ei villgeit held på å få killingar, og ørna er på jakt. Kan Ylva klare å redde dei to killingane åleine? «Ylva og villgeitene» er ei forteljing om å prøve å vere modig når nokon treng hjelp, men også om å bry seg om alt levande som finst i naturen ikring oss.
Kvar ein fugl

Kvar ein fugl

Hilde Myklebust

Samlaget
2018
sidottu
Dikt med djupe røter. Frå ein gard i ein fjelldal spring dikta ut. Dei dreier rundt det å drive ein slektsgard vidare og å bli mor til barn som er ein ny generasjon i ei lekkje som strekkjer seg langt attende i tid. I eit konkret og biletsterkt språk fortel dei om garden som ein stad som ser liv komme og gå. Dei som har levd før, er alltid til stades. I steingardar og bygningar, landskap og marker, i namn og spor, gamle tre og i fuglane som flyg over tunet. Nærleiken til naturen er sterk og tydeleg, og slik blir også det forgjengelege eit bakteppe for alt som hender.
Glødepunkt

Glødepunkt

Hilde Myklebust

Samlaget
2011
sidottu
Bergverksbedrifta Mineral Vest preger Steinsetbygda, og alt overtidsarbeidet truar også ekteskapet til Guttorm og Margunn. Dei prøver å halde liv i ekteskapet, men det er så mykje som gneg. Når bedrifta får ein stor ordre på sand blir arbeidspresset enno større, og arbeidarane blir drivne til brestepunktet. Heldigvis kjem det finske leigearbeidarar til bygda, men tragediar ulmar under overflata.
Jon og den lange julenatta

Jon og den lange julenatta

Hilde Myklebust

Samlaget
2009
sidottu
Julekvelden ventar med gåver og herleg mat, men Jon er ikkje å sjå i julestova, for hesten hans, Tyra, skal få føl. Og det på sjølvaste julenatta! Jon lèt julefeiring vere julefeiring og tek med seg termos og sovepose ut i stallen. Der legg han seg i høyet for å passe på Tyra, som snart skal bli mor. Ei varm og vakker juleforteljing om underet som skjer i stallen julenatta. Hilde Myklebusts jordnære og varme tekst, i lag med Inger Lise Belsviks vakre illustrasjonar, vil gå rett heim hos store og små.
Berre dagar seinare

Berre dagar seinare

Hilde Myklebust

Samlaget
2007
nidottu
Hilde Myklebust debuterer med Berre dagar seinare, ei heilskapleg komponert diktsamling som spenner over eit heilt liv - klare dikt med eit tydeleg nærvær av eit lyrisk eg. Hilde Myklebust (f. 1979) er frå Syltedalen på Sunnmøre. Ho har vore elev ved skrivekunstakademiet i Hordaland og studert litteratur og teatervitskap ved Universitetet i Bergen. For tida driv ho eit småbruk på heimstaden.