Kirjojen hintavertailu – 12 859 818 kirjaa ja 27 kauppaa

Kirjailija

Hulda Garborg

Kirjat ja teokset yhdessä paikassa: 9 kirjaa, julkaisuja vuosilta 2012–2018, suosituimpiin kuuluu Symra ; Kornmoe : vers og visor. Vertaile teosten hintoja ja tarkista saatavuus suomalaisista kirjakaupoista.

9 kirjaa

Kirjojen julkaisuvuodet: 2012–2018.

Hildring

Hildring

Hulda Garborg

Vidarforlaget
2018
sidottu
Faren døyr og heile verda vert omkalfatra for den unge odels.jenta Berit på garden Buvin. Ettermælet åt faren tyngjer på skuld.rene; med ein gamal bestefar og ei sjukleg mor føler ho ansvaret for å tryggje garden. Mora ser seg nødt til å leige inn arbeidskraft og med det kjem den framfuse og nytenkjande Sevat til Buvin med alle slags påfunn og idear. Sevat har visjonar for gardsdrifta. Prisen på tømmer har skote i vêret og han augnar moglegheita for store rikdomar og moderniseringar om ein utnyttar potensialet i landeigedomen. Berit kjempar imot og held fast i lærdomen frå far sin om å ikkje tyne ressursane med for stor risiko. Men når mor hennar giftar seg med Sevat har ikkje Berit lenger noko å stå opp med og odelsjenta vert tilsidesett av den nye husbonden. Hildring er ein roman om fornuft og overmot, om modernisering og industrialisering, om tradisjon og opportunisme. Forteljinga skildrar viktige omleggjingar i det norske landbruket i mellomkrigstida, med dei utsiktene og sjansane moderniseringa innebar.
Heimestell

Heimestell

Hulda Garborg

Vidarforlaget
2017
sidottu
Hulda Garborg har i Heimestell samla og formulerte eit matstell som ho meinte var til glede for folk og godt for landet. Ho brukte bygdeidentiteten som eit retorisk grep for å selja inn radikale utopiske tankar. Stoltheita over bygdekunnskapen og glede, openheit og stoltheit over si breie internasjonale danning var to tankar som gjekk saman hos henne. Denne vidsynte Hulda-miksen kan framleis stimulera nye idear om kva som er mattradisjonen vår, og inspirera til open gastronomisk fornying av vår nasjonale kost. (Frå Arnhild Skre sitt etterord.)
Norsk klædebunad

Norsk klædebunad

Hulda Garborg

Vidarforlaget
2016
sidottu
«I dag er det ei alminneleg oppfatning blant norske folkedraktforskarar at Hulda Garborg er den enkeltpersonen som i størst grad har påverka norsk bunadsarbeid og bunadsbruk. Saman med 'Heimen'-sidene, personleg rådgjeving og tallause foredrag, var 1917-utgåva av Norsk Klædebunad det viktigaste påverknadsmediet hennar. Av alle dei norskdomsinitiativa som blei tekne for vel hundre år sidan, må Hulda Garborgs bunadsarbeid vera det mest slitesterke og vellukka. Bunader er i dag populære. Folkedrakter blir rekonstruerte og bunadsskatten er i vidareutvikling som aldri før. Draktene har fått sitt eige glossy magasin i Narvesen-hyllene. Hulda hadde også ein vill tanke om at folkedraktene skulle inspirera til ein norsk mote. Det initiativet opplevde ho som ein av sine tapte kampar. Men i dag blir ideen teken vidare av blømande firma som Oleana, Huldresølv og designarduoen Arne og Carlos. Hulda-arven gjer framleis livet i landet frodigare ved sida av og i dialog med nye kulturuttrykk. Slik ho sjølv utvikla sin 'norske' i fri dialog med innan- og utanlandske impulsar, med eigne og andres idear og med vår fargerike folkelege kunstarv.» (Utdrag frå Arnhild Skres etterord.)
Tyrihans

Tyrihans

Hulda Garborg

Vidarforlaget
2015
sidottu
Tyrihans. Eventyrspel med song og dans er det første nynorske drama skrive for barn, framført på ein profesjo.nell scene. Urpremieren fann stad på Det Norske Teatret i Bøndenes Hus i Kristiania 26. desember 1914. Når Garborg dramatiserer Asbjørnsen og Moe sin Tyrihans blir historia ein politisk statement. Tyrihans personifiserer sjølve målrørsla - han er bygdehelten som erobrar ein sentral maktposisjon. Samstundes er ikkje friaren og den politiske bodskapen hovudperson aleine. Prinsesse Iselin bærer kjærleikshistoria i teksten. Garborg gir oss ei psykologisk forklaring på den vrange prinsessa i eventyret, og viser oss ei sorgfull dotter og ei lengtande kvinne. Det finst allereie fleire biografiar om Hulda Garborg. Den korte biografien i denne boka gir likevel nye perspektiv, fordi den konsentrerer seg om dramatikaren Garborg og hennar forhold til barn og barndom.
Symra ; Kornmoe : vers og visor

Symra ; Kornmoe : vers og visor

Hulda Garborg

Vidarforlaget
2014
sidottu
Kva er ei bok? Den innste krok av ei sjel i brann, eit vågemod som vann kaste alle bruir av og sjå ned i si eigi grav. Ein helvits-angst, ein lukkedraum, ein leik på livsens æve-straum imillom blåe himmelhavet og det svarte slimdyrkavet; heidersgjest i Gimles salar eller gløymd i båredalar! Barn av ånd i kjøte bore, eit hjarta ut av bryste skore, eit skrik frå livsens løynde grunnar; ein elskarkyss på blome-munnar; ein rus imillom eldar på dei store festens kveldar! Frå «Impromptu», Symra
Sovande sorg ; Liti Kersti

Sovande sorg ; Liti Kersti

Hulda Garborg

Vidarforlaget
2013
sidottu
Denne utgjevinga inneheld to av Hulda Garborgs skodespel: Sovande sorg (1900), og Liti Kjersti (1903). Stykka syner at ho var oppteken av ulike dramatiske uttrykksformer og korleis ho vekslar mellom fleire sjangrar; til dømes eventyrspel og realistisk problemdrama. Sovande sorg er eit gripande lagnadspel, som saman med Folk av Sigurd Nesse, vart premiert som beste nynorske skodespel i 1900. Det stutte eventyrspelet Liti Kjersti er eit høgdepunkt i hennes dramatiske produksjon, der ho sameinar nasjonale musikk-, song- og bunadstradisjonar. Hulda Garborg skreiv fleire romanar, dikt, skodespel, artiklar og faktabøker. Ho var særleg opptatt av kvinna si stilling i samfunnet og av den tradisjonelle norske kulturen. Ho var mellom anna engasjert i å verne den norske folkedansen, og dreiv kurs i dette samstundes som ho utvikla drakter ein kunne danse i, inspirert av gamle folkedrakter. I 1910 starta ho Det norske spellaget, som seinare vart til Det Norske Teatret.
Edderkoppen ; Mænd av ære ; Sorte svaner ; Undine

Edderkoppen ; Mænd av ære ; Sorte svaner ; Undine

Hulda Garborg; Laura Kieler; Anna Munch; Alvilde Prydz

Transit
2012
nidottu
Boka inneholder fire skuespill. Edderkoppen: Bygger på en sann historie og handler om kvinners makt, erotikk og intelligens. Mænd av ære: Om konsekvensen fri kjærlighet kunne få for kvinnen. Sorte svaner: Handler om å klare seg alene i verden og å være seg selv, og å stå nakenmodell. Undine: Naturmennesket Bodil vil ikke gjøre det som forventes av unge jenter og gifte seg med en passende kavaler, men trekkes i stedet inn i et utroskapsforhold.