Kirjojen hintavertailu – 12 903 725 kirjaa ja 27 kauppaa

Kirjailija

Ingvil Brügger Budal

Kirjat ja teokset yhdessä paikassa: 3 kirjaa, julkaisuja vuosilta 2012–2024, suosituimpiin kuuluu Modes of Authorship in the Middle Ages. Vertaile teosten hintoja ja tarkista saatavuus suomalaisista kirjakaupoista.

Nimi esiintyy myös muodoissa: Ingvil Brugger Budal

3 kirjaa

Kirjojen julkaisuvuodet: 2012–2024.

Norsk språkhistorie for lærarar

Norsk språkhistorie for lærarar

Ingvil Brügger Budal; Karine Stjernholm; Bernt Ø. Thorvaldsen

Landslaget for norskundervisning
2024
nidottu
Norsk språkhistorie for lærarar er skreddarsydd for grunnskulelæraren, og denne andre utgåva av boka inneheld eit heilt nytt kapittel om språket i dansketida. Sentralt i Kunnskapsløftet 2020 står språkleg mangfald, variasjon og endringar i fortid og samtid, og i denne grunnleggjande innføringa tek forfattarane føre seg desse temaa i eit historisk perspektiv: frå urnordisk, norrønt og mellomnorsk til språket i dansketida, og til slutt fram til moderne norsk. I boka er det lagt stor vekt på å visa skulerelevansen til fagstoffet og korleis dette kan bli formidla i klasserommet. Ingvil Brügger Budal (fødd 1975) er professor i nordisk språkvitskap ved Høgskulen på Vestlandet. Ho er filolog, og er oppteken av tekst, språkbruk og språkbrukarar, både i eit diakront og synkront perspektiv. Budal har tidlegare mellom anna skrive om grammatikk og grammatikkdidaktikk, nynorskdidaktikk og norrøn omsett litteratur. Karine Stjernholm (fødd 1978) er førsteamanuensis i norsk ved Høgskolen i Østfold. Ho er sosiolingvist, og er spesielt oppteken av språkideologi. Stjernholm underviser i språk og samfunn, fleirspråklegheit, språkplanlegging og språkhistorie på lærarutdanninga og på masterprogrammet Master i norsk i skulen. Bernt Ø. Thorvaldsen (fødd 1976) er professor i norsk ved Universitetet i Søraust-Noreg. Han underviser i norsk språk og litteratur, er utdanna lærar og norrønfilolog, og han forskar på kultur og språk i norrøn tid, og på norskdidaktikk.
Språk i skolen

Språk i skolen

Ingebjørg Tonne; Bernt Ø. Thorvaldsen; Rolf Theil; Ingvil Brügger Budal

Fagbokforlaget
2020
nidottu
Veit du at grammar og glamour har eit felles opphav? Eller veit du noko om grunnlaget for ordklassedelinga vår, dei fem fasane i retorikken, eller dei ulike argumenta for at elevane bør læra seg grammatikk? Ein grunnskulelærar i norsk skal, ifølgje rammeplanane for lærarutdanningane, «ha brei kunnskap om språket som system og språket i bruk». Læraren har dessutan eit særskilt ansvar for elevane sine språklege kunnskapar og ferdigheiter. Språk i skolen introduserer grunnleggjande språklege emne for grunnskulelærarstudenten og norsklæraren: grammatikk, tekstlingvistikk og retorikk. Fagstoffet vert formidla med kunnskap, entusiasme og underhaldande døme. Her er fagkunnskapen brei, vinklinga didaktisk og banda til Kunnskapsløftet tydelege. Denne tredje utgåva av Språk i skolen er revidert og oppdatert. Det vert særleg lagt vekt på korleis elevar kan nytta eigen språkkompetanse for å utvikla eit metaspråkleg medvit som etter kvart kan koplast med grammatisk terminologi. Boka har kapittel på både nynorsk og bokmål, og gjer slik studentane kjende med fagspråk på begge målformer. Ingvil Brügger Budal (fødd 1975) er professor i nordisk språkvitskap ved Høgskulen på Vestlandet. Ho arbeider med språkbruk og språkbrukarar, både i eit diakront og eit synkront perspektiv, og har mellom anna skrive om norrøn omsett litteratur, nynorskdidaktikk, sjangrar og forteljarstemmer. Rolf Theil (fødd 1946) er professor emeritus i allmenn og afrikansk lingvistikk ved Universitetet i Oslo. Mellom spesialområda hans er lingvistisk feltarbeid, fonologi, morfologi, semantikk og kognitiv grammatikk. Theil har gjennom meir enn førtifem år skrive bøker og artiklar om språk og språktilhøve i Afrika, Asia og Europa – inkludert norsk, samisk, romani og romanes. Bernt Ø. Thorvaldsen (fødd 1976) er professor i norsk ved Universitetet i Sørøst-Norge. Han underviser i norsk språk og forskar på eldre språk og litteratur og norskdidaktikk. Ingebjørg Tonne (fødd 1966) er professor i nordisk språk / norsk som andrespråk ved Senter for fleirspråklegheit (MultiLing), Universitetet i Oslo. Ho er mellom anna oppteken av kontrastiv grammatikk og relevansen av grammatikk for lese- og skriveopplæring og språkutvikling. Ho var med i læreplangruppa for norsk i samband med Fagfornyinga 2020.