Kirjojen hintavertailu – 12 859 827 kirjaa ja 27 kauppaa

Kirjailija

Jan Ove Ulstein

Kirjat ja teokset yhdessä paikassa: 6 kirjaa, julkaisuja vuosilta 2014–2023, suosituimpiin kuuluu Oppbrotsteologi på det lange 70-talet. Vertaile teosten hintoja ja tarkista saatavuus suomalaisista kirjakaupoista.

6 kirjaa

Kirjojen julkaisuvuodet: 2014–2023.

Sosiologi, teologi og Helge Hognestads doktoravhandling

Sosiologi, teologi og Helge Hognestads doktoravhandling

Jan Ove Ulstein

Cappelen Damm akademisk
2023
sidottu
I 1978 disputerte Helge Hognestad for doktorgraden i Gamle festsal ved Universitetet i Oslo. Salen var fullstappa, og der var trampeklapp og buing. Avhandlinga analyserte andaktar over tekster frå Matteusevangeliet i aviser og kristelege organisasjonsblad og fann at dei stort sett legitimerte kyrkjeinstitusjonen og ikkje det tekstene sa. Det som forblinda dei, var den lutherske læra om rettferdiggjering ved tru åleine, grunngitt i Jesu soningsdød, vår påstanden. Avhandlinga fekk grundig drøfting, med mykje kritikk. Hognestad stod i samtida som eit mediesynleg symbol på den radikale kritikaren av samfunn og kyrkje, opprøraren som ville opne kyrkja, men som møtte motstand då han ville søkje stilling som prest, med forkjetring frå indre bane og applaus i mediefeltet. Boka framstiller både dei teologiske brytingane og forviklingane omkring prestetenesta. Forholdet mellom sosiologi og teologi var eit gjennomgåande tema i perioden. Denne tematikken er sentral i boka. Vi fekk ei spenstig nybrotsfase for religionssosiologien ved unge sosiologar. Dei fekk lita hjelp frå etablert fagmiljø, men gjekk laus på fleire temaområde innan kyrkjeliv og teologi etter alle kunstens reglar. Der var metoden ateistisk, noko som utfordra dialogen med teologien. Særleg var kunnskapssosiologien til Peter Berger og Thomas Luckmann i bruk. Den brukte også Hognestad i si avhandling. Han var den første som brukte sosiologien som aktiv samtalepartnar i ei teologisk doktoravhandling (saman med marxistisk ideologikritikk). Boka vender seg til den som er interessert i denne brytingstida i kyrkje og samfunn, omkring ein utfordrande teologi, og korleis teologi og sosiologi kan arbeide med same materiale med gjensidig nytte.
Oppbrotsteologi på det lange 70-talet

Oppbrotsteologi på det lange 70-talet

Jan Ove Ulstein

Cappelen Damm akademisk
2022
sidottu
68-opprøret var eit internasjonalt fenomen som nådde Norge og som kom til å prege 1970-åra. Radikalisering av unge kristne var ein særprega del av opprøret. Utanfor den amerikanske ambassaden demonstrerte teologiske studentar mot krigen i Vietnam. Og det skjedde ei vekking til ansvar for den tredje verda, som medskuldige i kolonialismen. Kyrkjenes Verdsråd registrerte ei revolusjonær oppbrotsstemning i verda, saman med ein tilsvarande frigjeringsteologi: Gud står på dei undertrykte si side! Her heime vart kapitalismen i form av den korporative sosialdemokratiske staten gjort til ein hovudfiende. Vi fekk også ein radikal kvinnekamp. I denne situasjonen fekk vi fenomenet 'kristen-radikalarane', som raskt vart til kristen-sosialistar. Desse fekk behov både for å legitimere seg teologisk overfor ei borgarleg kyrkje og for å utforme ein teologi som grunngav aktiviteten. Denne boka er første del av den første større undersøkinga av korleis kristen-radikalarane utvikla ein teologi for sin praksis i det som er kalla 'det lange 70-talet'. Oppbrotet gjaldt ikkje berre politikk og marxisme. Det kom også ei sosialetisk vekking, inkludert eit økologisk engasjement og eit kvinneopprør i kyrkja. Boka fylgjer brytingane tett i tekst og tid, der teologien skjer. Boka vender seg til den som er interessert i 68-fenomenet og vil ha ei grundig historie om korleis radikaliseringa arta seg i teologisk bryting og sosialetisk engasjement i denne turbulente perioden.
Overlys underlys

Overlys underlys

Jan Ove Ulstein

Bokvennen
2018
sidottu
I denne diktsamlinga spelar små dikt mot kvarandre i eit kammerspel. Lys kjem innanfrå, ovanfrå og nedanfrå, i spennet i livet, lyset og mørket i kjærleik og død. Det er forfattarens 12. diktsamling for vaksne. Jan Ove Ulstein har tidlegare gitt ut: Slag på berget. Dikt, viser og salmar. 1975 Boholmen. Dikt. 1979 Lys i brilleglasa. Dikt. 1980 Tornebusker (red.). Diktantologi. 1981 Morgonsola står i gardina. Dikt (for born). 1982 Vandring i vatn. Dikt. 1985 Spirituale. Dikt og gjendikting. 1979 Lågsong. Dikt. 1993 Dei fire vindane pluggar ditt telt. Dikt. 1995 Satyr i katedralen. Roman. 1997 Grønskinet. Dikt for born. 1997 Ropet i halsen, ord på tunga. Dikt. 1999 Nåde deg, sa Espen. Dikt (for born). 1999 Med lys er skipet lasta. Biletbok. 2001 Hekseri, ropte Espen. Dikt, illustrert (for born). 2002 Vaktkatten. Illustrert barnebok. 2003 Frå skuggane. Dikt. 2007 Reise gjennom sju vatn. Dikt. 2008 Kra, kra, kra. Illustrert barnebok. 2009 I eitt no. Dikt. 2010 /Alf Kjetil Walgermo (red.). Bibeldikt. 2014 (det er her det flør) dikt frå strandkanten. 2014
Satyr i katedralen

Satyr i katedralen

Jan Ove Ulstein

Samlaget
2015
sidottu
Denne romanen er utskriven for tre stemmer i Athen; den første samtalar med seg sjølv ved eit kafébord, den andre møter vi i Athen-fragment, den tredje stemma er i hovudet til ein seksualfiksert lektor. Boka handlar om tre menn med ulike lidenskapar: kvinna, gud eller den europeiske samtalen.
Rasmus leker med elden

Rasmus leker med elden

Inger Norberg; Jan Ove Ulstein

Vintana
2014
sidottu
Rullstolskatastrofen Det började på Hannes fest. Nej, det började när festen nästan var slut. Det var dags att gå hem. Jag såg mig omkring. Vart hade Rasmus tagit vägen? Vi skulle ju ha sällskap hem. Han var inte i köket, där jag sett honom sist. I hallen hängde några jackor kvar, men inte hans eldröda jacka.