Kirjojen hintavertailu – 12 859 819 kirjaa ja 27 kauppaa

Kirjailija

Kjersti Rorgemoen

Kirjat ja teokset yhdessä paikassa: 5 kirjaa, julkaisuja vuosilta 2010–2022, suosituimpiin kuuluu Håpet og festen. Vertaile teosten hintoja ja tarkista saatavuus suomalaisista kirjakaupoista.

5 kirjaa

Kirjojen julkaisuvuodet: 2010–2022.

Slutten på historia

Slutten på historia

Siri Økland; Kjersti Rorgemoen; Gaute M. Sortland; Siv Østrem Peersen; Endre Tveit; Therese Bakkevoll; Mette Karlsvik; Mads Rage; Frode Grytten

Samlaget
2022
sidottu
Gåtefulle forteljingar. I ein hage møtest to gamle kjende som kanskje ikkje kjenner kvarandre likevel. I luftrommet over Himalaya veit ein pilot at tap av kontroll kan få fatale følgjer. Utstasjonert på dei aude kasakhstanske slettene stoppar ein mann ut eit ekorn han har tenkt å gi vekk som kjærleiksgåve. På Nordic Noir-fabrikken produserer dei bestseljande kriminallitteratur under elendige arbeidsvilkår. Novellene i «Slutten på historia» er prega av underliggjande uro, impulsar ein ikkje rår over, minne som sviv, og noko gåtefullt som skurrar i det ytre eller det indre. Dei nyskrivne novellene i denne samlinga presenterer styrken og breidda i den nynorske litteraturen. Her får forfattarane briljere i kortformat, lett tilgjengeleg for lesaren. Novellene er skrivne av Frode Grytten, Gaute M. Sortland, Mette Karlsvik, Mads Rage, Siv Østrem Peersen, Kjersti Rorgemoen, Siri Økland og Endre Tveit. Boka presenterer òg ein debutant, Therese Bakkevoll. «Slutten på historia» er tredje utgåva i den årlege novelleantologien Nye nynorske noveller.
Eit praktisk menneske

Eit praktisk menneske

Kjersti Rorgemoen

Kolon
2021
pokkari
Liv Indrebø vil ha sin eigen plass og vere eit praktisk menneske. Ho kjøper eit avsidesliggande småbruk for å jobbe utandørs og gjere ny nytte av dei gamle husa. På museet strevar ho med å tru på orda ho er tilsett for å produsere. Draumen om kroppsarbeid og nytteverdi er sterkare i ho enn i kjærasten Svein, ein populær fysioterapeut som bur i byggefeltet i Avdalen sentrum. På jonsok kjem amerikanske slektningar av for lengst utvandra nordmenn på besøk, og folk samlar seg på bygdetunet. Bålet brenn. Men er Liv i ferd med å miste klarsynet i sitt inderlege forsøk på å klare seg sjølv? Eit praktisk menneske er ein fortetta og konsis roman om å ikkje gro att i eit landskap perfekt for konservering. Historia finst på trygg avstand, men kva med livet i praksis? Kan ei kvinne aleine klare å forvandle kaos til orden? Og korleis elske noko ein ikkje treng?
Håbet og festen

Håbet og festen

Kjersti Rorgemoen

Forlaget Silkefyret
2018
nidottu
HÅBET OG FESTEN er en finurlig, lille bog om venskab, makuleringsarbejde, bananfluer - og om at være evighedsstudent og drikke vin med en pseudofilosof på et kollegie, som man ikke er flyttet ud af, selvom studietiden for længst er ovre! Den er skrevet af Kjersti Rorgemoen, der regnes for en af Norges unge forfattere, der mestrer den humoristiske, eksistentielle genre. "Når mine kollegaer og jeg ruller de fyldte papirbeholdere ud fra arbejdspladserne i byen forbi kontorassistenterne, der er nedsunket i egne professionelle trivialiteter, så tænker jeg, at jeg serverer disse samfundsmaskineriets lakajer en slurk af Lethe, glemslens flod. Folk har altid gjort mig forvirret med deres ansigter og systemer, jeg kan komme til at tænke både forbandede papirfabrik og forfærdelige tirader, når jeg besøger institutionerne. Jeg er bange for at få Tourettes og pludselig sige sådan nogle ting højt.”
Håpet og festen

Håpet og festen

Kjersti Rorgemoen

Kolon
2016
pokkari
Under Bergens smog bur ein ubestemt skapning, ei ung kvinne, stranda på ein midlertidig hybel. Ho finansierer husleige, alkoholforbruk og studielån med løna for arbeidet i makuleringstenesta til Fretex. Ho har ein kvernande einetale i sitt indre, men likar å bli forstyrra av vener. Håpet og festen er ein roman om den latterlege avstanden mellom det vesle livet ein er bunden i og dei store banda som knyter verda saman. «Håpet og festen etablerer Kjersti Rorgemoen som et av våre beste håp for den komiske romanen. Sjeldent gode setninger tilfører eksistensielt trykk til historien om en ganskevanlig student med uvanlig velutviklede observasjonsevner.» Ane Farsethås, Morgenbladet - Årets beste bøker 2015 «En liten roman med en språklig presisjon som gjør den like lettlest og morsom som dyptloddende og tragisk.» Sandra Lillebø, Klassekampen - Årets beste bøker 2015
Purkene snudde seg

Purkene snudde seg

Kjersti Rorgemoen

Kolon
2010
pokkari
Purkene snudde seg er Magna Bekk sine notat frå livet som Magna Bekk. Notata består av ei rekkje episodar, ankedotar og minne: om å bli fridd til i det offentlege rom, om den villeiande begeistringa for den historiske hesten Kloke Hans, om eit forstemmande forsøk på å gå på dansekurs, om ei kort karriere som sjåfør på bokbussen og om oppvekst og frilansarbeid på svinefarm. Men mest av alt er Purkene snudde seg driven fram av hovudpersonen si særmerkte oppleving og vurdering av verda: skeptisk, analytisk og svært vittig.