Kirjojen hintavertailu – 12 859 818 kirjaa ja 27 kauppaa

Kirjailija

Kristin Auestad Danielsen

Kirjat ja teokset yhdessä paikassa: 8 kirjaa, julkaisuja vuosilta 2013–2025, suosituimpiin kuuluu Vegar ut til alle kantar. Vertaile teosten hintoja ja tarkista saatavuus suomalaisista kirjakaupoista.

8 kirjaa

Kirjojen julkaisuvuodet: 2013–2025.

Vegar ut til alle kantar

Vegar ut til alle kantar

Rasmus Løland; Arne Garborg; Helge Torvund; Terje Torkildsen; Gaute M. Sortland; Tore Renberg; Oda Malmin; Siri M. Kvamme; Edmund Austigard; Arnt Birkedal; Inger Bråtveit; Kristin Auestad Danielsen; Heidi Hjorteland; Odveig Klyve

Wigestrand
2020
nidottu
Faktisk vil han heller døy enn å vere til bry. Frå «Sansen for det søte», Siri M. Kvamme Grevinneheng har ho også. Dei må då minst vera ti centimeter, ... Frå «Naken» Heidi Hjorteland. Vi øver oss på å ikkje røra kvarandre, å halda avstand, ... Vi slår på radioen og høyrer at verda har feber. Frå «Ein dag vil vi gløyma», Odveig Klyve Blei det någe i bilen, då? spør han eine. Å ja, seier Kjatti. Full pakke, smiler Kjatti ... Frå «Den lange vegen inn til Stavanger by», Kristin Auestad Danielsen ... han har smugla på alskens saker og ting, og triksa med forsikringa ... Frå «Julebrev frå Oddemann på Neset», Tore Renberg Me må jo pynta oss litt når mannfolkå komme, sa ho og smilte med heile fjeset. Frå «Blondinefabrikken», Terje Torkildsen Her er språkkraft og skaparkraft, og her er alvor, humor, fantasi og realisme i god blanding. Det er berre å la seg riva med!
På, over, inni

På, over, inni

Kristin Auestad Danielsen

Samlaget
2025
sidottu
I grålysinga ein humlesurrande sommarmorgon pakkar Erla ferdig ein doggblaut fløytekvit Mercedes 1976-modell. Ho og dottera Julie på sju skal rekke Norröna-båten, som skal ta dei over Atlanterhavet, heilt til Færøyane. Der skal Julie få lære kulturen og språket til landet mora sjølv vaks opp i. For Erla blir det eit møte med alt som finst, og alt som kunne ha vore. på, over, inni er ei bok inspirert av sommarnostalgi, med lag på lag med somrar, og alt som høyrer til. Og ut frå Færøyane spenner historia ut til nabolanda og blir ein refleksjon over forholda mellom nordiske land. Terningkast 5!" Sol, sex og skodde er sjølvsagde ingrediensar i denne upretensiøse, vesle boka frå Færøyane." Anne Cathrine Straume, NRK
Soga om oss og andre skodespel

Soga om oss og andre skodespel

Kristin Auestad Danielsen

Samlaget
2023
sidottu
Kristin Auestad Danielsens dramatikk for første gong i bokform. Kristin Auestad Danielsen er ein av Noregs mest spennande dramatikarar. Ho har skrive ei rekkje skodespel for både barn og vaksne. Denne boka samlar fire av skodespela for vaksne: Soga om oss (2022), Vår Vesle (2018), Årets fotballspelar 1997 (2010) og Danish Crown (2009). Tekstane strekkjer seg frå den mørke fabelen om Ruth som driv eit dyrehotell for menneske, via våre felles historiske erfaringar frå Olje-Noreg til såre forteljingar om å møte vaksenlivet, der kanskje ikkje alt blei heilt slik ein såg for seg. Skodespela til Auestad Danielsen er skarpe, humoristiske og slåande. I desse tekstane møtest lynnet frå dei sjangrane ho er kjend for frå før av i bokform: dei ville forteljingane og den presise poesien. Forfattaren og teaterregissør Victoria Meirik har skrive kvar sin introduksjon.
Du er bonde

Du er bonde

Kristin Auestad Danielsen

Samlaget
2022
sidottu
Om odelsjenter og antidrift. «Du er ikkje fødd odelsjente», sa Simone de Beauvoir, «du blir det.» Men slik er det ikkje i Gjesdal kommune. Iallfall ikkje på 1990-talet. Tiåret då Noreg fekk ny konge, då Lady Diana døydde, og då det gjaldt å halde på jomfrudommen så lenge som mogleg utan å vere prippen. To jenter overtar kvar sin gard, og det blir ein kamp om korleis ein skal drifte jorda. Mens den eine utviklar nye sauesortar og sprenger tunellar på alle kantar, synest den andre at det moderne landbruket har gått for langt - ho lanserer tanken om antidrift. Men dette skal vise seg å vere ein farleg idé med alvorlege konsekvensar ikkje berre for henne, men for heile Jæren. «Du er bonde» er ein fabel om arv, plikt og seksualitet i det moderne landbruket.
Sterke kjensler og andre dikt

Sterke kjensler og andre dikt

Kristin Auestad Danielsen

Samlaget
2019
sidottu
Blant ting og tang I tradisjonen etter Olav H. Hauge og Gertrude Stein har Kristin Auestad Danielsen skrive ei samling dikt om heimstaden, heimen, romma vi bur i, og tinga vi omgir oss med. I eit lett og leikent språk som samtidig er prega av eit eksistensielt alvor, skriv ho om å vere barn, om å bli vaksen og om å vere mor, om fellesskapen mellom mor og dotter og om alle kvardagane som rommar livets drama.
Vår vesle

Vår vesle

Kristin Auestad Danielsen

Samlaget
2018
sidottu
Om å bli overvelda av sjølve livet Ho, vårt eitt og alt, var blitt annleis. Tynnare i ansiktet, heile kroppen var tynnare, lengre. Og med ein moderne og svart rett og vid lang frakk som ho aldri tok av seg, gjekk med både ute og inne, i byen og skogen, alltid med hendene nedi dei store lommene, som om hendene var sydde fast inni der. Hadde ho blitt til ein fugl? Eller var det berre det at ho hadde blitt vaksen? Mari er 30. Ho har tilsynelatande alt på stell. Likevel flyttar ho inn i kjellarleilegheita til foreldra etter studietida. Er livet blitt for mykje for henne? Er det tida som ikkje strekk til? Er det strevet etter perfeksjon eller er det ei manglande evne til å finne jamvekt i livet? Vår vesle er ein roman om å flytte heim, starte på nytt og om saknet etter det som aldri blei noko av.
Joggesko

Joggesko

Kristin Auestad Danielsen

Flamme
2015
nidottu
Ein poet skriv om skrivinga, om skrivelivet og kvardagen, om forventningane og røynda. Her er dikt med snert og sårheit om kvarandre. Poeten bedriv harselas med kultureliten og seg sjølv på same tid. Var det dette? Skulle eg slutte å skrive? Det var jo det som var livet,å skrive om livet,at det sto om livet å skrive det ned. Å dele med andre,å lese opp, å gi det ut,med sjokkarta bølger,med uante følger,det er det som er livet,å skrive om livet,det er det eg har øvd på,det var dette eg var. Alt eg skreiver alt eg har.