Kirjojen hintavertailu – 12 859 826 kirjaa ja 27 kauppaa

Kirjailija

Linda Eide

Kirjat ja teokset yhdessä paikassa: 4 kirjaa, julkaisuja vuosilta 2012–2017, suosituimpiin kuuluu Lydjournalistikk. Vertaile teosten hintoja ja tarkista saatavuus suomalaisista kirjakaupoista.

4 kirjaa

Kirjojen julkaisuvuodet: 2012–2017.

Lydjournalistikk

Lydjournalistikk

Lars Nyre; Linda Eide; Jørgen Warvik Lyngvær

Samlaget
2017
nidottu
Dette er ei praktisk grunnbok i journalistikk retta mot radioproduksjon og podkasting. Forfattarane gir først ei innføring i korleis lyd og mikrofonteknologi fungerer, før dei tek for seg det journalistiske handverket. Her viser dei korleis dramaturgi kan brukast i formidlinga, og kva for etiske retningslinjer journalistar må halde seg til. Det meste av det praktiske handverket er felles for radio og podkast, men framveksten av podkast har skapt nye sjangrar og eit større mangfald innan lydjournalistikk. Gjennom eigne kapittel om intervjuteknikk, reportasjearbeid, musikkbruk og redigering viser forfattarane korleis ein kan produsere og formidle journalistisk innhald i lydmedium. Meir spesialiserte emne vert også behandla, som nyheitsjournalistikk, dokumentarsjangeren, programleiarrolla og direktesendingar. I eit eige kapittel til slutt i boka presenterer Linda Eide visualiseringsgrep som skapar engasjement og innleving i det som vert formidla.
Norske smakar

Norske smakar

Hanne Frosta; Linda Eide

Vigmostad Bjørke
2015
sidottu
Ei uvanleg underhaldande kokebok full av knallgode oppskrifter. Forfattar Linda Eide dreg på oppdagingsreise med Hanna Frosta, sjefkokken som kasta ut sitt populære middelhavskjøkken og erstatta det med ein meny basert berre på norske smakar. I jakta på gode råvarer og sterke smaksopplevingar reiser dei på smale grusvegar, gjennom tronge dalar og til oasar midt i byen. Her lagar dei Hanne sine beste rettar av sesongens råvarer og det som vert hausta, slakta og fiska i nærleiken. Med Linda Eide sitt vittige skråblikk, kunnskapen til Hanne Frosta og Thor Brødreskift sine fotografi, er dette ei uimotståeleg og inspirerande kokebok. «No sit me og et blåmuggostekake i ein sofa, og har nettopp funne ut at med ei lita stripe kreklingsirup eller blåbærsirup ved sida av vert denne kaka så god at all verdas dessertmenyar må skrivast om, den franske fromasjdessertideen reviderast, og Hanne Frosta forgyllast.» (Frå boka) Om forfattarne: Linda Eide (f. 1969) er programleiar, forfattar og journalist, mellom anna kjend frå NRK-serien Norsk attraksjon. Hanne Frosta (f. 1962) er kokk og kokebokforfattar. Ho dreiv restauranten Hanne på Høyden i Bergen i 14 år.
Oppdrag Mottro

Oppdrag Mottro

Linda Eide

Spartacus
2012
sidottu
I ti år har Linda Eide ringt mor si. Aldri for å spørja korleis det står til. Alltid for å grava fram noko gammalt som er nytt. For det mora fortel frå Linda sin barndom liknar ikkje på den barndommen Linda sjølv hugsar. Og når mora fortel frå si tid, også kalla gamle dagar, er det frå eit liv Linda aldri var ein del av. Kva var desse gamle dagar? Og kven er mor eigentleg? I tekst og bilde er denne boka ei vittig og tankevekkande utforsking av korleis gamle dagar lever vidare i notida. Linda lengter tilbake til ei tid ho aldri levde i. Mora står trygt planta i ei notid som ikkje er til å kjenna att frå hennar tid. MEG: Fekk du ikkje leva ut personlegdomen din, er det det du seier? MOTTRO: Men herlegheit, det fanst jo ikkje personlegdom før, og om han fanst så hadde ein jo ikkje råd til å bry seg om han, og i alle fall ikkje leva han ut. (Frå boka) Linda Eide meiner ho hadde blitt brent som heks i gamle dagar, men saknar dei likevel, pga straumprisane og mindre biltrafikk.