Kirjojen hintavertailu – 12 859 818 kirjaa ja 27 kauppaa

Kirjailija

Oda Malmin

Kirjat ja teokset yhdessä paikassa: 3 kirjaa, julkaisuja vuosilta 2020–2022, suosituimpiin kuuluu Vegar ut til alle kantar. Vertaile teosten hintoja ja tarkista saatavuus suomalaisista kirjakaupoista.

3 kirjaa

Kirjojen julkaisuvuodet: 2020–2022.

Vegar ut til alle kantar

Vegar ut til alle kantar

Rasmus Løland; Arne Garborg; Helge Torvund; Terje Torkildsen; Gaute M. Sortland; Tore Renberg; Oda Malmin; Siri M. Kvamme; Edmund Austigard; Arnt Birkedal; Inger Bråtveit; Kristin Auestad Danielsen; Heidi Hjorteland; Odveig Klyve

Wigestrand
2020
nidottu
Faktisk vil han heller døy enn å vere til bry. Frå «Sansen for det søte», Siri M. Kvamme Grevinneheng har ho også. Dei må då minst vera ti centimeter, ... Frå «Naken» Heidi Hjorteland. Vi øver oss på å ikkje røra kvarandre, å halda avstand, ... Vi slår på radioen og høyrer at verda har feber. Frå «Ein dag vil vi gløyma», Odveig Klyve Blei det någe i bilen, då? spør han eine. Å ja, seier Kjatti. Full pakke, smiler Kjatti ... Frå «Den lange vegen inn til Stavanger by», Kristin Auestad Danielsen ... han har smugla på alskens saker og ting, og triksa med forsikringa ... Frå «Julebrev frå Oddemann på Neset», Tore Renberg Me må jo pynta oss litt når mannfolkå komme, sa ho og smilte med heile fjeset. Frå «Blondinefabrikken», Terje Torkildsen Her er språkkraft og skaparkraft, og her er alvor, humor, fantasi og realisme i god blanding. Det er berre å la seg riva med!
Skinliv

Skinliv

Oda Malmin

Aschehoug
2022
pokkari
Astrid, Cecilie og Bjørn bur i same bygard i Oslo. Dei glir inn og ut av einannans liv og lagar seg førestillingar om kven dei andre er, samtidig slit dei med å sjå seg sjølve. Cecilie får stadig viktigare oppgåver i partiet ho jobbar i, men har ikkje trua på at ho er god nok. Ho er redd ho heller ikkje duger som mor, når eksen ønsker å ta over omsorga for sonen. Astrid slit med panikkangst og eit anstrengt forhold til eigen kropp, og ho synest det er lettare å halde folk på avstand og ta sorgene på forskot. Bjørn blei offer for ei alvorleg skulding for mange år sidan. Når sonen til Cecilie oppsøker han, aner han ein ny start. Eller skal det nok ein gong gå gale? Kven er vi for dei andre, kven er vi for oss sjølve, kven er dei andre for oss?«Dette er en troverdig fortelling om hvilket psykologisk kaos som befinner seg bak tilsynelatende alminnelige fasader. En roman til å gruble over.» Inger Bentzrud, Dagbladet (Terningkast 5)«Velkomponert og tankevekkjande. (...) innfrir forventingane frå den prisnominerte debuten.» Jannicke Totland, Framtida (Terningkast 5)«Treffer tidsånden perfekt! Oda Malmin skriver presist og trøstende om isolasjon og fremmedgjøring. Malmin har et til fingerspissene gjennomarbeidet språk (...) boka viser nennsomt fram den bevegelsen mot ekte menneskelig nærhet som er mulig, hvis en bare tør, og får lov til, å åpne (nabo) døra på gløtt.» Anna Serafima S. Kvam, Stavanger Aftenblad (Terningkast 5)«Skinliv er direkte, virkelighetsnær og tidvis også gjenkjennelig, skrevet frem i et språk som på mange måter er behagelig å befinne seg i. (...) Hvem har ansvaret når alle svikter? Malmins utforskning av dette spørsmålet opplever jeg som så vellykket at jeg ved endt lesning sitter igjen med følelsen av å ha lest en thriller.» Thea Sundstedt Baugstø, BLA (Bokvennen Litterær Avis)«Oda Malmin ser mennesket bak fasaden. (...) psykologisk innleving, skiftande synsvinklar og sikker miljøskildring er framleis den store styrken som ber prosjektet trygt i mål.» Oddmund Hagen, Dag og Tid«Tankevekkende roman om hvordan vi ser oss selv og menneskene rundt oss. (...) Skinliv er en direkte og virkelighetsnær bok til å gruble over, med et stillferdig og godt språk.» Torill Johme, Valdres
Og alle ting vert nye

Og alle ting vert nye

Rakel Solstad; Erlend Kaasa; Annlaug Selstø; Susanne Skogstad; Anne Lise Frøkedal; Inger Bråtveit; Oda Malmin; Tore Kvæven; Aina Basso

Samlaget
2021
sidottu
Ein tidlegare laushund tar på seg ansvaret for ein heil nasjon, og tenker at dette er billetten til eit betre liv. To bestevener er i ferd med å skli frå kvarandre sjølv om den eine kjempar imot. Ein mann møter blikket til eit lite barn og ser det livet han sjølv kunne hatt, medan ein annan mann blir hjelpelaus tilskodar når familiegarden og fem generasjonars strev går opp i flammar. Novellene i Og alle ting vert nye handlar om å høyre til, om røter og slekters gang, dei spenner frå tidlegare tider via vår eiga tid og ut i verdsrommet. Dei nyskrivne novellene i denne samlinga presenterer styrken og breidda i den nynorske litteraturen. Her får forfattarane briljere i kortformat, lett tilgjengeleg for lesaren. Novellene er skrivne av: Tore Kvæven, Susanne Skogstad, Erlend Kaasa, Rakel Solstad, Aina Basso, Annlaug Selstø, Oda Malmin og Inger Bråtveit. Boka presenterer òg ein debutant, Anne Lise Frøkedal. Og alle ting vert nye er andre utgåva i den årlege novelleantologien Nye nynorske noveller.