Kirjojen hintavertailu – 12 859 818 kirjaa ja 27 kauppaa

Kirjailija

Per Halse

Kirjat ja teokset yhdessä paikassa: 4 kirjaa, julkaisuja vuosilta 2007–2021, suosituimpiin kuuluu "Den fyrste bibelen paa norsk". Vertaile teosten hintoja ja tarkista saatavuus suomalaisista kirjakaupoista.

4 kirjaa

Kirjojen julkaisuvuodet: 2007–2021.

"Den fyrste bibelen paa norsk"

"Den fyrste bibelen paa norsk"

Anders Aschim; Per Halse

Novus
2021
sidottu
Den første fullstendige bibelomsetjinga til nynorsk, Bibelen eller Den heilage skrifti: Dei kanoniske bøkerne i Det gamle og Det nye testamentet, kom ut i 1921. Utgåva gjekk som oftast under namnet «Fyrebilsbibelen». Det mellombelse i nemninga er berre eitt av fleire påfallande trekk ved utgåva. Eit anna er ugjevaren: «Utgjeven av bibelnemndi aat Studentmaallaget i Oslo», står det på tittelsida, ikkje «Det norske Bibelselskabs Forlag», som ventande var. Eit tredje er arbeidsmåten. «Fyrebilsbibelen» var eit stort dugnadsprosjekt med heile tjue ulike teologar og lekfolk som omsetjarar. Kvifor vart det slik? Kva var bakgrunnen for omsetjinga? Korleis vart ho til? Kva karakteriserer bibelutgåva? Korleis vart ho motteken, og kva har ho hatt å seie? Dette er spørsmål som forfattarane undersøker i denne boka, skriven til hundreårsjubileet for utgjevinga. Per Halse og Anders Aschim har begge drive omfattande forsking om framveksten av nynorsk kyrkjeleg skriftkultur, og dei har publisert resultata både i vitskapleg og populær form.
Norsk kristendomshistorie

Norsk kristendomshistorie

Per Halse; Hallgeir Elstad

Samlaget
2021
nidottu
Kristendomen har ei tusenårig historie i Noreg. I dette oversiktsverket gir forfattarane ei samla framstilling av denne historia, frå kristningsperioden og fram til vår eiga samtid. I løpet av dette tidsspennet har kristendomen gjennomgått omfattande endringar når det gjeld tru, praksis og plass i samfunnet; frå kristningsprosessen i mellomalderen, konfesjonsskiftet på 1500-talet til nyare tids modernisering og differensiering som etter kvart har endra vilkåra for kyrkje og kristendom. I framstillinga viser forfattarane korleis kristen tru og praksis har arta seg gjennom historia, og at kyrkje og kristendom aldri har verka i eit vakuum. Kristne førestillingar har påverka og blitt påverka av kultur og samfunn lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Den religiøse utviklinga blir dermed sett inn ein breiare samfunnskontekst, og gjennom heile framstillinga blir tilhøva i Noreg sett i lys av det som skjedde elles i Europa.
Peter Hognestad

Peter Hognestad

Per Halse

Samlaget
2016
sidottu
Folkeleg kristenliv og kristeleg folkeliv. Peter Hognestad (1866-1931) var biskop i Bjørgvin frå 1916 til 1931, etter at han hadde vore styrar ved Notodden lærerskole, bygdeungdomsprest i Kristiania og lærar ved Menighetsfakultetet. Bondesonen frå Jæren gjorde eit uvurderleg pionerarbeid for nynorsk bibel- og kyrkjespråk. Saman med Anders Hovden og Bernt Støylen gav han i 1925 ut Nynorsk salmebok, og han stod sjølv for folkekjære gjendiktingar som «Det hev ei rosa sprunge» og «Fager kveldsol smiler». Hognestad var også hovudredaktør for den fyrste heile Bibelen på landsmål, Studentmållagets «Fyrebilsbibel» frå 1921. Peter Hognestad var ein samarbeidsmann som engasjerte seg i både frilynt og kristeleg ungdomsarbeid. Samstundes var han prinsippfast, og det skapte sterke reaksjonar at han konsekvent brukte nynorsk både i undervisninga ved Menighetsfakultetet og som biskop i Bergen.
Illustrert norsk kristendomshistorie

Illustrert norsk kristendomshistorie

Per Halse; Hallgeir J. Elstad

Fagbokforlaget
2007
sidottu
Få importartiklar har prega det norske samfunnet som kristentrua. Med bodskapen om Kvitekrist kom ein heilt ny samfunnsklasse: presteskapet. Med seg hadde dei penn og pergament, og trua på at det ikkje alltid er rett å hemne urett. Så sjølvsagt har kristentrua vorte at det er lett å bli blind for kor sterkt kyrkja pregar landet vårt. Illustrert norsk kristendomshistorie er historia om ei tru som var med på å forme det norske samfunnet til det det er i dag. Den kristne trua har spela ei avgjerande rolle for utviklinga av det norske skriftspråket og den norske mentaliteten. Kunstnarar har henta motiv og inspirasjon frå henne, og framleis gjer ho stoff til nokre av dei mest intense offentlege diskusjonane vi har her til lands. Boka har eit friskt og moderne perspektiv. Utvalet av illustrasjonar er breitt, og til kvart bilete følgjer det med ein utfyllande tekst. Hovudmerksemda er lagt på kva bileta fortel om historia, og kva motiv som har vore populære til ulike tider. Forfattarane: Hallgeir Elstad er førstelektor ved Det teologiske fakultet ved Universitetet i Oslo, der han er ansvarleg for etter- og vidareutdanning av lærarar i KRL-faget. Han har teologisk doktorgrad og er medforfattar av fleire publikasjonar. Per Halse er førstelektor ved Høgskulen i Volda, med ansvar for KRL-faget i lærarutdanninga der. Han er teolog med tilleggsutdanning i historie og pedagogikk. Han har tidlegare skrive Gudsord og menneskeord, som er ei innføringsbok i bibelkunnskap. Bilderedaktør: Eva Furseth har hovudfag i kunsthistorie frå Universitetet i Bergen. Ho arbeider frilans, mellom anna som kunstkritikar i Bergens Tidende. For tida er ho registrar ved Museet for samtidskunst.