Kirjojen hintavertailu – 12 859 818 kirjaa ja 27 kauppaa

Kirjailija

Rakel Solstad

Kirjat ja teokset yhdessä paikassa: 4 kirjaa, julkaisuja vuosilta 2013–2021, suosituimpiin kuuluu Og alle ting vert nye. Vertaile teosten hintoja ja tarkista saatavuus suomalaisista kirjakaupoista.

4 kirjaa

Kirjojen julkaisuvuodet: 2013–2021.

Og alle ting vert nye

Og alle ting vert nye

Rakel Solstad; Erlend Kaasa; Annlaug Selstø; Susanne Skogstad; Anne Lise Frøkedal; Inger Bråtveit; Oda Malmin; Tore Kvæven; Aina Basso

Samlaget
2021
sidottu
Ein tidlegare laushund tar på seg ansvaret for ein heil nasjon, og tenker at dette er billetten til eit betre liv. To bestevener er i ferd med å skli frå kvarandre sjølv om den eine kjempar imot. Ein mann møter blikket til eit lite barn og ser det livet han sjølv kunne hatt, medan ein annan mann blir hjelpelaus tilskodar når familiegarden og fem generasjonars strev går opp i flammar. Novellene i Og alle ting vert nye handlar om å høyre til, om røter og slekters gang, dei spenner frå tidlegare tider via vår eiga tid og ut i verdsrommet. Dei nyskrivne novellene i denne samlinga presenterer styrken og breidda i den nynorske litteraturen. Her får forfattarane briljere i kortformat, lett tilgjengeleg for lesaren. Novellene er skrivne av: Tore Kvæven, Susanne Skogstad, Erlend Kaasa, Rakel Solstad, Aina Basso, Annlaug Selstø, Oda Malmin og Inger Bråtveit. Boka presenterer òg ein debutant, Anne Lise Frøkedal. Og alle ting vert nye er andre utgåva i den årlege novelleantologien Nye nynorske noveller.
I for internatunge

I for internatunge

Rakel Solstad

Samlaget
2019
sidottu
Ei var og brutal forteljing om å vekse opp på internat. Dette er forteljinga om Elis, Arno, Frans og Máret, som alle må reise frå heimen sin for å leve og bu i utrygge omgivnader på skuleinternat, langt vekk frå familie og omsorgspersonar - og om kor stygt barn kan behandle kvarandre. I for internatunge er eit innblikk i skulepolitikken i Finnmark på 1950- og 60-talet, då over ein tredjedel av alle barn i fylket frå sjuårsalderen blei plasserte på internat. Internatbygginga var motivert mellom anna av at alle barn skulle ha skulegang, og av ønsket om å fornorske den samiske og kvenske befolkninga. Solstad har skrive ein roman med vare, sterke og brutale historier om kva det kan gjere med eit menneske å vekse opp under ei slik emosjonell omsorgssvikt.
Falle

Falle

Rakel Solstad

Samlaget
2015
sidottu
Ni noveller om det å miste, om ikkje å vite om ein sørgjer rett, om å erkjenne at ein ikkje sørgjer, om sjølv å ville følgje etter, om å hegne om sorga, om å sørgje ein levande, om forboden sorg.
Men kva veit vi om barna

Men kva veit vi om barna

Rakel Solstad

Samlaget
2013
sidottu
Men kva veit vi om barna er ei samling forteljingar frå tre barns liv. Sigge bur på internatet i kvardagane. Kvar sundag prøver han å få sleppe å reise tilbake. I Ro under vatnet blir leiken mellom to gutar skjebnesvanger. I forteljingane om Ida møter vi ei einsam jente og ein fosterheimsplassert gut som saman og kvar for seg prøver ut grenser. Rakel Solstad skriv om barn i utsette posisjonar. Arbeidet som pedagogisk-psykologisk rådgivar i skolen har gitt ho innsikt i strukturar som kan få negative verknader for utviklinga til eit barn, og grunnlag for å stille spørsmålet: Kva veit vi om barna? Les utdrag fra boka