Kirjojen hintavertailu – 12 859 829 kirjaa ja 27 kauppaa

Kirjailija

Ronnie M.A.G. Larsen

Kirjat ja teokset yhdessä paikassa: 5 kirjaa, julkaisuja vuosilta 2008–2013, suosituimpiin kuuluu Den beste låta. Vertaile teosten hintoja ja tarkista saatavuus suomalaisista kirjakaupoista.

5 kirjaa

Kirjojen julkaisuvuodet: 2008–2013.

Sommar i Thereses gate

Sommar i Thereses gate

Ronnie M.A.G. Larsen

Cappelen Damm
2013
pokkari
I nokre sommarveker ligg Oslogryta på kokepunktet og vinden er søkk borte. Pianostemmaren Henry Moan er godt vaksen og heile livet har han budd i den same bygarden i Thereses gate. Han har brukt talentet sitt til å gjere amatørar gode og la virtuosar skinne. Ein dag døyr sjefen og Henry innser at ein livslang draum om å bryte opp og flytte til Salzburg er innan rekkjevidde. Han skal berre avvikle pianobutikken, besøke epleskrotten av ei mor, få greie på kva som eigentleg skjedde med Slampen, ta seg av undulaten Louis, bli sjukemeldt, unngå å verte forelska, bli friskmeldt, spreie sjefens oske utover Oslo, halde gullavtalen med Konserthuset varm, nippe til ein whisky av beste sort i Bar Noir, bli klok på Frk. Sanner, diskutere livserfaringar med Chet Baker og ikkje minst få seg ei god natts søvn på så lengje han kan hugse. Sommar i Thereses gate er ein roman om dei som aldri tek steget for å realisere seg sjølv, om dei som aldri seier det det har på hjartet og om dei som kan leve eit heilt liv utan å bli sett.
Sommar i Thereses gate

Sommar i Thereses gate

Ronnie M.A.G. Larsen

Cappelen Damm
2012
sidottu
I nokre sommarveker ligg Oslogryta på kokepunktet og vinden er søkk borte. Pianostemmaren Henry Moan er godt vaksen og heile livet har han budd i den same bygarden i Thereses gate. Han har brukt talentet sitt til å gjere amatørar gode og til å la virtuosar skinne. Ein dag døyr sjefen og Henry innser at ein livslang draum om å bryte opp og flytte til Salzburg er innan rekkjevidde. Han skal berre avvikle pianobutikken, besøke epleskrotten av ei mor, få greie på kva som eigentleg skjedde med Slampen, ta seg av undulaten Louis, bli sjukemeldt, unngå å verte forelska, bli friskmeldt, spreie sjefens oske utover Oslo, halde avtalen med Konserthuset varm, nippe til ein whisky av beste sort i Bar Noir, bli klok på Frk. Sanner og ikkje minst få seg ei god natts søvn på så lengje han kan hugse. Sommar i Thereses gate er ein liten film frå Bislet, fylt av musikk. Sommar i Thereses gate er ein liten roman om dei som gjerne lev eit heilt liv utan å bli sett.
Den beste låta

Den beste låta

Pedro Carmona-Alvarez; Agnes Ravatn; Sturmgeist; Frode Grytten; Gunnhild Øyehaug; Harald Rosenløw Eeg; Ingeborg Arvola; Jan Omdahl; Jo Nesbø; Lars Saabye Christensen; Nils-Øivind Haagensen; Ragnar Hovland; Ronnie M.A.G. Larsen; Selma Lønning Aarø; Stig Sæterbakken; Tommy Olsson; Vigdis Hjorth; Torgrim Eggen

Cappelen Damm
2009
sidottu
I denne boken har 19 forfattere/skribenter fått i oppgave å skrive om sin beste låt. De fikk ingen genrebegrensninger på låtvalg eller på skrivemåte. Tanken bak var at om man er begeistret for noe, og skriver om det, så blir det god litteratur. Lars Saabye Christensen, Gunnhild Øyehaug, Stig Sæterbakken, Vigdis Hjorth, Harald Rosenløw Eeg, Ingeborg Arvola, Jan Omdahl, Ragnar Hovland, Pedro Carmona-Alvarez, Torgrim Eggen, Ronnie M. A. G. Larsen, Selma Lønning Aarø, Frode Grytten, Nils-Øivind Haagensen, Tommy Olsson, Zofies verden, Agnes Ravatn, Sturmgeist, Jo Nesbø. Noen skriver om låter de alltid har elsket, andre skriver seg bort fra en opplagt forelskelse og til en annen låt da låtvalgets kvaler er umulige, noen skriver om den låten som liksom aldri slapp taket da den satte ett eller annet i sving i barn- eller ungdommen - om det så var en stor kjærlighet, en sorg eller en traumatisk opplevelse, bare en har valgt en låt fra 2000-tallet, og noen skriver om den beste låten rent musikkfaglig. Noen skriver langt, andre kort. For, gir man gode forfattere i oppgave å skrive om noe som gjør dem begeistret, ja da blir det bra!
Offa

Offa

Ronnie M.A.G. Larsen

Cappelen Damm
2009
pokkari
Offa - forteljingar frå ei øy er ei samling med 21 fiktive historier frå Giske utanfor Ålesund. Her møtar vi Joggaren, Sladre-Guri, Fitte-Per og dei andre. Historiene strekkjer seg over ei periode på 40 år og omhandlar mellom anna ein verdsrekord, ein tur til Norway Cup, ein skummel neger, kjærleik og død. Alt forteljast med oppsiktsvekkande mykje humor og varme. Offa - forteljingar frå ei øy er så lokal at den blir universell.
Offa

Offa

Ronnie M.A.G. Larsen

Cappelen
2008
sidottu
"Ferje-Petter såg på klokka og tenkte at han skulle vente i det lengste med å vinke om bord bilane. Taxi-Arne brydde seg som vanlig ikkje om signal frå ein slik lowlife som Ferje-Petter. Han skulle på sjukhuset for å sjekke prostataen, det visste alle som hadde tatt taxi den siste månaden. Da han passerte Ferje-Petter, peikte han ned mot skrittet og kryssa fingrane. Ferje-Petter tok seg sjølv i å gi ham tommelen opp og mime lykke til i sakte bevegelsar. "Offa - forteljingar frå ei øy er ei samling med 21 fiktive historier frå Giske utanfor Ålesund. Her møtar vi Joggaren, Sladre-Guri, Fitte-Per og dei andre. Historiene strekkjer seg over ei periode på 40 år og omhandlar mellom anna ein verdsrekord, ein tur til Norway Cup, ein skummel neger, kjærleik og død. Alt forteljast med oppsiktsvekkande mykje humor og varme. Offa - forteljingar frå ei øy er så lokal at den blir universell.