Kirjojen hintavertailu – 12 859 819 kirjaa ja 27 kauppaa

Kirjailija

Sigrid Merethe Hanssen

Kirjat ja teokset yhdessä paikassa: 5 kirjaa, julkaisuja vuosilta 2009–2022, suosituimpiin kuuluu Ingenmannsland. Vertaile teosten hintoja ja tarkista saatavuus suomalaisista kirjakaupoista.

5 kirjaa

Kirjojen julkaisuvuodet: 2009–2022.

Ingenmannsland

Ingenmannsland

Ingrid Senje; Solfrid Sivertsen; Hilde Myklebust; Ingvild Holvik; Rønnaug Kleiva; Sigrid Merethe Hanssen; Lars Petter Sveen; Marit O. Kaldhol; Vidar Kvalshaug

Samlaget
2020
sidottu
Korte forteljingar som blir verande lenge i lesaren. Eit elskande par hamnar på sjøen, ei kvinne tar seg av den aldrande mor si og prøver å finne kjærleiken samstundes, ein gut er redd for å bli eit monster i løpet av natta, ei kvinne ber den døde hunden sin gjennom skogen for å finne ein gravstad. Novellene i «Ingenmannsland» handlar om utroskap, angst, kjærleik og lengt, men òg om kampen for tilværet, utanforskap og radikalisering. Her er realistisk samtid og dystopisk framtid. Dei nyskrivne novellene i denne samlinga presenterer styrken og breidda i den nynorske litteraturen, som aldri har stått sterkare enn i dag. Her får forfattarane briljere i kortformat, lett tilgjengeleg for lesaren. Dei som bidrar, er blant våre fremste forfattarar: Marit Kaldhol, Ingvild Holvik, Sigrid Merethe Hanssen, Vidar Kvalshaug, Solfrid Sivertsen, Hilde Myklebust, Rønnaug Kleiva og Lars Petter Sveen. Boka presenterer òg ein debutant, Ingrid Senje. «Ingenmannsland» er første utgåve i den årlege novelleantologien «Nye nynorske noveller».
Sofia

Sofia

Sigrid Merethe Hanssen

Samlaget
2013
sidottu
Ei norsk kvinne reiser til ein gresk kystby. Ho leiger eit rom på ubestemt tid, for å fullføre eit skriveprosjekt. Sommaren går over i haust, byen blir tømt for turistar og tilværet hennar blir stadig meir prega av isolasjon. Ein dag møter ho Sofia som arbeider på ein kafé i nærleiken. Denne jenta opptek snart all plass i tankane og skrifta hennar. Og då ho får for seg at Sofia er i fare, tek ønsket om å hjelpe overhand, og ho må kjempe mot krefter ho ikkje har kontroll over. «Det er bare å la seg fortrylle og forvirre av denne boka, som både er lys, varm, mørkegrå og bekmørk, men aldri svart-hvit» Live Lundh, Vårt Land «Røynd, fantasi og draum grip inn i kvarandre i denne romanen ... teksten er ikkje konkluderande, og lesaren er ikkje viss på kva som eigentleg skjer, eller har skjedd. Slik får dei lesande høve til å dikta med, og teksten opnar seg for framande blikk og vert levande og engasjerande.» Odd W. Surén, Dag og Tid «Så mykje, så lite, og likevel ein heil roman. Lesaren forstår at det gjeld livet for begge kvinnene og at Sigrid Merethe Hanssen med Sofiautan dramatikk har skrive fram ein flott, stilisert og kunstnarleg kontrollert kleinkunstroman.» Jan Askelund, Stavanger Aftenblad
Kom ei jente gåande

Kom ei jente gåande

Sigrid Merethe Hanssen

Samlaget
2022
sidottu
Om tilliten hos barn og ansvaret hos vaksne. Ei kvinne besøker mor si på dødsleiet, og det ho blir fortald, kastar om på alt ho trudde ho visste om barndommen sin. Det blir nødvendig for henne å oppsøke fortida. Vi blir tatt med til ei lita nordnorsk bygd på 1960-talet, der eit barn bur saman med Molle, ei eldre kvinne. Grytidleg ein sommarmorgon står barnet opp og går ut. Ho vandrar åleine etter vegen då ein bil stoppar opp. Det er legen Karl og kona hans, Pauline. Meir enn noko anna i verda ønsker Pauline seg eit barn. «Kom ei jente gåande» er ein roman om tilliten hos barn og ansvaret hos vaksne. Boka handlar om identitet og minne og om retningane eit liv kan ta, langt utanfor barnet sin kontroll.
Detektiv Smartbart og sabotasjen på badet

Detektiv Smartbart og sabotasjen på badet

Sigrid Merethe Hanssen

Samlaget
2011
sidottu
Kyrre Korneliussen er faren til Hagbart, Sigvart og Esmeralda. Ein dag set han i gang Operasjon Husvask, men det går ikkje som planlagt. Nokon prøver å sabotere operasjonen, og det er ei sak for den hemmelege Detektiv Smartbart. Open publication - Free publishing - More detektivserie
Ingen heime

Ingen heime

Sigrid Merethe Hanssen

Samlaget
2009
sidottu
Vi møter ei ung kvinne som vegrar seg for nære relasjonar, ein familiefar som treffer ei framand kvinne på ein kyrkjegard, ein eldre mann som legg ut på den siste køyreturen sin, og i tittelnovella oppsøkjer hovudpersonen fortida - for å kvitte seg med henne. «ei svært vellukka bok, med grundig gjennomarbeidde tekstar som er skrivne med truverde og innleving og med konsekvent og musikalsk språk.» Odd W. Surén, Dag og Tid