Kirjojen hintavertailu – 12 859 818 kirjaa ja 27 kauppaa

Kirjailija

Solfrid Sivertsen

Kirjat ja teokset yhdessä paikassa: 9 kirjaa, julkaisuja vuosilta 2007–2021, suosituimpiin kuuluu Ingenmannsland. Vertaile teosten hintoja ja tarkista saatavuus suomalaisista kirjakaupoista.

9 kirjaa

Kirjojen julkaisuvuodet: 2007–2021.

Ingenmannsland

Ingenmannsland

Ingrid Senje; Solfrid Sivertsen; Hilde Myklebust; Ingvild Holvik; Rønnaug Kleiva; Sigrid Merethe Hanssen; Lars Petter Sveen; Marit O. Kaldhol; Vidar Kvalshaug

Samlaget
2020
sidottu
Korte forteljingar som blir verande lenge i lesaren. Eit elskande par hamnar på sjøen, ei kvinne tar seg av den aldrande mor si og prøver å finne kjærleiken samstundes, ein gut er redd for å bli eit monster i løpet av natta, ei kvinne ber den døde hunden sin gjennom skogen for å finne ein gravstad. Novellene i «Ingenmannsland» handlar om utroskap, angst, kjærleik og lengt, men òg om kampen for tilværet, utanforskap og radikalisering. Her er realistisk samtid og dystopisk framtid. Dei nyskrivne novellene i denne samlinga presenterer styrken og breidda i den nynorske litteraturen, som aldri har stått sterkare enn i dag. Her får forfattarane briljere i kortformat, lett tilgjengeleg for lesaren. Dei som bidrar, er blant våre fremste forfattarar: Marit Kaldhol, Ingvild Holvik, Sigrid Merethe Hanssen, Vidar Kvalshaug, Solfrid Sivertsen, Hilde Myklebust, Rønnaug Kleiva og Lars Petter Sveen. Boka presenterer òg ein debutant, Ingrid Senje. «Ingenmannsland» er første utgåve i den årlege novelleantologien «Nye nynorske noveller».
Ho sykla bort

Ho sykla bort

Solfrid Sivertsen

Samlaget
2018
sidottu
Dramatikken i kvardagen. Solfrid Sivertsens noveller er sterke og lågmælte, med ein dramatikk som syd under overflata. Nokre av dei har synsvinkelen til barn: ein busstur vekk frå ein alkoholisert far, eit sakn etter ein stefar som er forsvunnen, ei veslesøster som har drukna, ei linje frå ei historie som har sett seg fast i hovudet. Andre noveller krinsar rundt minne som dannar utgangspunkt for historier om eit heilt livsløp: Ei kvinne har flytta heim til mor si etter eit samlivsbrot, ein mann er i ferd med å miste minnet på sjukeheimen, ei kvinne oppdagar at mannen har eit dobbeltliv. Felles for alle novellene er at dei har ein kvardagsleg og nedtona dramatikk og ei sårheit som skin gjennom hos hovudpersonane.
Grøn koffert

Grøn koffert

Solfrid Sivertsen

Samlaget
2011
sidottu
Rita har ein grøn koffert, og den har eit rom som er fylt med brokkar av ein barndom. Rita drøymer om barndommen. Hovudforteljinga tek til når Rita går frå draumen tilbake i tida til opplevingar i barndommen. Boka tematiserer ei rad oppbrot, der Rita og veslebroren hennar vandrar mellom heim, barneheim og fosterheim, i ei stadig sirkelrørsle. Det handlar om rotløyse og svik, mangel på stabilitet og omsorg, men også om barnets sjølopphaldingsdrift.
Bak glaset

Bak glaset

Solfrid Sivertsen

Samlaget
2011
sidottu
12 noveller om hårspray, farris, kulturmjølk, barndomens liv og andre kvardagslige emne og hendingar. Hendingar som ikkje er særleg enkle og lettforståelege for dei som har ein mor med ein ny kjærast, eller som har ein død mann i fluktstolen i hagen...
Eit plutseleg mørke

Eit plutseleg mørke

Solfrid Sivertsen

Samlaget
2008
sidottu
Anne Lise har nettopp blitt mor og reiser fra London til hjembygda med babyen. Ryktene sprer seg raskt da folk får vite at hun er alene med omsorgen. Ut av det uskyldige snakket vokser det fram skremmende og uforståelige trusler, og Anne Lise havner i et mørkt og intenst drama.
Fillebikkja og Frida

Fillebikkja og Frida

Solfrid Sivertsen

Samlaget
2007
sidottu
Fillebikkja er heimlaus i den store byen. Det blir stadig vanskelegare å finne ein matbit og vennlege menneske. Så møtar han Frida, og ting blir annleis. Men før det har han vore både i kyrkja og i fengsel.
Små, små løgner

Små, små løgner

Solfrid Sivertsen

Samlaget
2007
sidottu
Historiene i denne novellesamlinga er henta frå folks ofte dramatiske kvardagsliv. Dei stramme og stringente novellene er sanselege og nære, og har samstundes eit generøst dryss av fine små detaljar. I Solfrid Sivertsen sine nye noveller møter vi mellom andre ei gammal kvinne på sjukeheimen, ein åleinefar og ei tilbakeståande jente, som alle har noko dei vil formidle, men som på ulike vis blir hindra på grunn av situasjonane dei er i.