Kirjojen hintavertailu – 12 859 818 kirjaa ja 27 kauppaa

Kirjailija

Inger Bråtveit

Kirjat ja teokset yhdessä paikassa: 9 kirjaa, julkaisuja vuosilta 2009–2025, suosituimpiin kuuluu Vegar ut til alle kantar. Vertaile teosten hintoja ja tarkista saatavuus suomalaisista kirjakaupoista.

9 kirjaa

Kirjojen julkaisuvuodet: 2009–2025.

Vegar ut til alle kantar

Vegar ut til alle kantar

Rasmus Løland; Arne Garborg; Helge Torvund; Terje Torkildsen; Gaute M. Sortland; Tore Renberg; Oda Malmin; Siri M. Kvamme; Edmund Austigard; Arnt Birkedal; Inger Bråtveit; Kristin Auestad Danielsen; Heidi Hjorteland; Odveig Klyve

Wigestrand
2020
nidottu
Faktisk vil han heller døy enn å vere til bry. Frå «Sansen for det søte», Siri M. Kvamme Grevinneheng har ho også. Dei må då minst vera ti centimeter, ... Frå «Naken» Heidi Hjorteland. Vi øver oss på å ikkje røra kvarandre, å halda avstand, ... Vi slår på radioen og høyrer at verda har feber. Frå «Ein dag vil vi gløyma», Odveig Klyve Blei det någe i bilen, då? spør han eine. Å ja, seier Kjatti. Full pakke, smiler Kjatti ... Frå «Den lange vegen inn til Stavanger by», Kristin Auestad Danielsen ... han har smugla på alskens saker og ting, og triksa med forsikringa ... Frå «Julebrev frå Oddemann på Neset», Tore Renberg Me må jo pynta oss litt når mannfolkå komme, sa ho og smilte med heile fjeset. Frå «Blondinefabrikken», Terje Torkildsen Her er språkkraft og skaparkraft, og her er alvor, humor, fantasi og realisme i god blanding. Det er berre å la seg riva med!
Våtarv

Våtarv

Inger Bråtveit

Bokförlaget Faethon
2025
sidottu
En mamma kör sin dotter, fastspänd i baksätet, från Oslo till sin hemort, en by på norska Vestlandet. För dottern är det en bilresa genom tid och landskap, men för mamman är det en resa in och ut ur olika tider, till­baka till sin hemstad och barndomen på en liten gård. Våtarv är en roman om att vara fyra år gammal, om att vilja ha ett husdjur, om att upptäcka världen på egen hand, men också om en mors sorg och glädje över att se sitt barn växa upp. Den handlar om livets övergångar, om den sorg som följer med den oundvikliga separationen på vägen mot ett självständigt liv, om att vara dotter och vara mor. Våtarv är en rik roman med förtätad prosa. Den berör minnen, släktskap, förlust och tillhörighet. En fängslande och gripande berättelse, full av såväl subtila som starka känslor, och pendlar mellan det vardagliga och det storslagna. Dock tappar den aldrig bort hur brutalt livet fortsätter. Våtarv har översatts av poeten Marie Lundquist.
Vassarv

Vassarv

Inger Bråtveit

Oktober
2023
sidottu
Ei mor køyrer med dottera fastspent i baksetet frå Oslo til staden ho kjem ifrå, ei bygd på Vestlandet. For dottera er det ein biltur gjennom timar og landskap, men for mora vert ei reise inn og ut av ulike tider, tilbake til heimstaden og oppveksten på eit lite gardsbruk.«Vassarv» er ein roman om å vera fire år, om å ynskja seg eit kjæledyr, om å oppdaga verda på eiga hand, om mora si sorg og glede over å sjå barnet sitt veksa opp. Det handlar om overgangane i livet, om brota som fylgjer med i den naudsynte lausrivinga på veg til eit eige liv, i dotterskapen og morskapen.«Vassarv» er ein rik roman, om minne, slektskap, tap og tilhøyrsle. Det er ei gripande og medrivande forteljing, full av subtile og kraftfulle rørsler mellom det kvardagslege og det storslegne, som aldri mistar av syne korleis livet brutalt går sin gang.
Og alle ting vert nye

Og alle ting vert nye

Rakel Solstad; Erlend Kaasa; Annlaug Selstø; Susanne Skogstad; Anne Lise Frøkedal; Inger Bråtveit; Oda Malmin; Tore Kvæven; Aina Basso

Samlaget
2021
sidottu
Ein tidlegare laushund tar på seg ansvaret for ein heil nasjon, og tenker at dette er billetten til eit betre liv. To bestevener er i ferd med å skli frå kvarandre sjølv om den eine kjempar imot. Ein mann møter blikket til eit lite barn og ser det livet han sjølv kunne hatt, medan ein annan mann blir hjelpelaus tilskodar når familiegarden og fem generasjonars strev går opp i flammar. Novellene i Og alle ting vert nye handlar om å høyre til, om røter og slekters gang, dei spenner frå tidlegare tider via vår eiga tid og ut i verdsrommet. Dei nyskrivne novellene i denne samlinga presenterer styrken og breidda i den nynorske litteraturen. Her får forfattarane briljere i kortformat, lett tilgjengeleg for lesaren. Novellene er skrivne av: Tore Kvæven, Susanne Skogstad, Erlend Kaasa, Rakel Solstad, Aina Basso, Annlaug Selstø, Oda Malmin og Inger Bråtveit. Boka presenterer òg ein debutant, Anne Lise Frøkedal. Og alle ting vert nye er andre utgåva i den årlege novelleantologien Nye nynorske noveller.
Dette er også vatn

Dette er også vatn

Inger Bråtveit

Oktober
2018
sidottu
"Dette er også vatn" er ei bok om å vere dotter, mor, stemor, ektefelle, syster. Det handlar om fødsel og død, om kva som skal til for å halde seg skrivande, levande, og om korleis sanning og løgn verkar under ulike vilkår. Og om korleis liva våre er bundne saman, og korleis livet til eit enkelt menneske er forbunde med større kollektive og politiske strukturar. Med "Dette er også vatn" har Inger Bråtveit skapt ein hybridroman der personlege hendingar, essayistiske refleksjonar, dokumentarisk stoff og dikting vert blanda saman på nye og overraskande måtar. Det som vert fortald står fram som akutt og i nærleiken av grunnvilkåra, både eksistensielt og etisk.
Alice A4

Alice A4

Inger Bråtveit

Oktober
2015
sidottu
Alice bur i ein blokk i drabantbyen med mor og syster si. Ho lengtar vekk frå røtene som held henne fast, og frå eit statisk og fastfrose jente- og kvinneliv. Så møter ho ein som kan ta henne med til ei anna verd, han har bil, og saman køyrer dei nedover Autobahn på jakt etter Wonderland. «Alice A4» går i ein meddiktande, mytologisk og ulogisk dialog med Lewis Carroll si barnebok «Alice i eventyrland» frå 1865. I Bråtveits roman er Alice ei ung jente på terskelen mellom barn og vaksen. Romanen fortel ei både bakvend og rett fram historie om korleis Alice mistar og finn seg sjølv att gjennom det ho håpar og trur er den fyrste store kjærleiken - ein kjærleik ho etter kvart som ho vert eldre, med valdsam kraft prøver å kjempa seg ut or og fri seg frå. Men kvar gong Alice trur seg fri, oppdager ho at ho på nytt er fanga inn av si eiga innbilte frigjering. «Alice A4» syner gjennom språk og innhald at forelskinga har sin eigen absurde logikk, og at kjærleikens vegar er uransakelege. Bråtveit skriv med stor kraft om kjønn, klasse, makt og raseri.
Kven er snillast av far og mor?

Kven er snillast av far og mor?

Inger Bråtveit

Flamme
2012
sidottu
Knut er på sjukehuset. Her er sprøyter, sjukesøstrer og blodbehaldarar. Men Knut er ikkje redd for sprøyter eller blod. Knut tenkjer på far og mor. Og det er noko han ikkje heilt forstår. Inger Bråtveit (f. 1978) har gitt ut to romanar og ei diktsamling for vaksne. Kven er snillast av far og mor? er fyrste barneboka hennar. Boka er illustrert av Thomas Nordby. Alder: 6-9 år
Loveprosjekt

Loveprosjekt

Cecilia Hansson; Inger Bråtveit

Bokförlaget Atlas
2009
nidottu
Loveprosjekt är en dialogisk-poetisk undersökning av kärleken och sexualiteten, en lyrisk dokumentär om kärlekens kraft och krävande transportsträckor. Och om avståndet mellan det som har varit uppdämt och återhållet, och det som kan, må och ska släppas ut. Loveprosjekt är en växelsång mellan två språk där två poetiska röster korsas och smälter samman i ett unikt och omättligt universum. I ei lysnatt, frå høgmast til høgmastlinjer av straum i dine hender,dirren frå hoftene, suget mellomsaknet og svelget. Den spröda, gröna bristytan. Från alla master, stammar:ett ljus." Tverrspråkleg diktbok som fengjer Loveprosjekt er ei poetisk undersøking litt utanom det vanlege. Boka er forma som ein varsam lyrisk dialog mellom to markerte poetiske røyster, ikkje fiktive, men tilhøyrande forfattarane Inger Brå­tveit og Cecilia Hansson. Posisjonane deira blir understreka av det tverrspråklege, orda kjem vekselvis på svensk og norsk. Samstundes driv dei mot språkgrensene til kvarandre, dei møtest og utprø­ver i fellesskap kjærleikens og seksualitetens språkformer Med utgangspunkt i kulturelt etablerte seksualitets- og kvinnebilete sparkar teksten slagferdig ifråSINDRE EKRHEIM, BERGENS TIDENDE"Samspråkleg erobring. Boka er eit sterkarma poetisk famntak, ei kjærleikserklæring, eit møtepunkt mellom ulike stemmer, seksualitetar og språk"NORA SIMONHJELL MORGENBLADETElektrisk love. Bråtveit og Hansson går andre veier enn sine jevnaldrende Vi må gi Bråtveit og Hansson poeng for mot. Og de innfrir der de hopper relativt tørrskodde mellom vannpyttene fulle av klisjeene om kjærlighet. Loveprosjekt er satt opp i fire deler, her sprer diktene seg som flerstemmige ordskyer, og oppfører seg derfor som en samtale, eller et kortverk, hvor brokker på svensk og nynorsk (med islett av engelsk) triller rundt hverandre. SUSANNE CHRISTENSEN, KLASSEKAMPEN