Kirjojen hintavertailu – 12 859 818 kirjaa ja 27 kauppaa

Kirjailija

Elena Ferrante

Kirjat ja teokset yhdessä paikassa: 158 kirjaa, julkaisuja vuosilta 2005–2026, suosituimpiin kuuluu 10TAL 27-28. Ny prosa. Vertaile teosten hintoja ja tarkista saatavuus suomalaisista kirjakaupoista.

158 kirjaa

Kirjojen julkaisuvuodet: 2005–2026.

Den dunkle dottera

Den dunkle dottera

Elena Ferrante

Samlaget
2017
sidottu
Leda er ei 47 år gammal veletablert yrkeskvinne. Døtrene har nettopp flytta til faren i Canada, og no ser ho fram til å dra på ferie åleine til sørkysten av Italia. På stranda er ho kvar dag omgitt av ein støyande napolitansk storfamilie. Ho blir meir og meir oppteken av ei ung jente og dottera hennar. Ho vekslar mellom å beundre og å vere sjalu på den unge kvinna og barnet, men avskyr familieklanen som omgir dei. Leda blir overvelda av minna om dei vanskelege og ukonvensjonelle vala ho gjorde som ung mor, og konsekvensane dei fekk for henne og familien. Den dunkle dottera kom ut på italiensk i 2006. Frå italiensk ved Kristin Sørsdal.
Natt på stranda

Natt på stranda

Elena Ferrante

Samlaget
2017
sidottu
Barnebok av Elena Ferrante! Celina er favorittdokka til Mati. Ein dag dei leiker på stranda, får Mati ein kattunge av faren. Ho blir så oppslukt av den at ho gløymer å ta Celina med heim. Celina blir etterlaten på stranda om natta, i selskap med trugande vesen som Bademeister Grusom og Store Rive med dei skumle tennene av jern. Etter nattas mange farar blir Celina uventa løfta opp frå sanden. Det er kattungen som har sprunge ut for å finne henne. Natt på stranda er ei illustrert historie fortald av dokka Celina. Dei nattlege opplevingane byr på møte med sterke, grunnleggjande kjensler som sjalusi, frykt og kjærleik. Ei bok for Ferrante-fans i alle aldrar. Frå italiensk ved Kristin Sørsdal.
Historia om det tapte barnet

Historia om det tapte barnet

Elena Ferrante

Samlaget
2017
pokkari
Ei kraftfull avslutning på historia om eit livslangt vennskap Dette er den fengslande historia om to kvinner, den briljante, boklærde Elena og den lidenskapelege, ubereknelege Lila. Begge slost ein gong for å komme seg vekk frå strøket der dei voks opp - eit nabolag prega av vald og ufridom. Elena har gifta seg, flytta til Firenze, stifta familie og gitt ut fleire kritikarroste bøker. Men no har ho komme tilbake til Napoli for å vere saman med mannen ho alltid har elska. Lila, derimot, har aldri lykkast med å frigjere seg frå Napoli. Ho har blitt ein suksessrik bedriftseigar, men nærkontakten med den verda ho alltid har teke avstand frå, set henne på prøve. Men Lila er ustoppeleg, uregjerleg, uforgløymeleg! Med Napoli som bakteppe, ein by like forførande som han er farleg, i ei verd i dramatisk endring, er historia om eit livslangt vennskap fortald djupt ærleg og med ein briljans som saknar sidestykke. Frå italiensk ved Kristin Sørsdal.
Dei som flyktar og dei som blir

Dei som flyktar og dei som blir

Elena Ferrante

Samlaget
2017
pokkari
Eit djuptpløyande portrett av ei verd i dramatisk endring I den tredje boka i Napoli-kvartetten, Dei som flyktar og dei som blir, har dei to jentene frå Mi briljante venninne og Historia om det nye namnet blitt kvinner. Elena giftar seg med ein akademikar og er ulykkeleg familiemor i Firenze, medan Lila kjempar for å overleve som lågtlønt fabrikkarbeidar, og tek del i kampen for betre arbeidsvilkår og meir demokrati i 1970-åra. Begge kvinnene har frå dei var barn, prøvd å sleppe unna livet i bydelen der dei voks opp, eit liv i fattigdom og ufridom. No drøymer Elena likevel om det livet Lila har. Dei som flyktar og dei som blir er ein roman om to kvinners liv i Italia i 1970-åra, tiåret prega av arbeidarkamp, klassereise og kvinnefrigjering. Ein roman om eit vennskap som rommar kjærleik og hat, beundring og sjalusi, men som er så sterkt at ingen av dei to kvinnene er heilt seg sjølv utan den andre. Napoli-kvartetten er eit storverk om vennskap mellom kvinner, men dette er også forteljinga om Italia som nasjon og dei gjennomgripande endringane landet går gjennom frå 1950-åra og fram til i dag. Frå italiensk ved Kristin Sørsdal.
Min fantastiska väninna. Bok 1, Barndom och tonår
I en hyreskasern nära landsvägen i femtiotalets Neapel växer de båda flickorna Elena Greco och Lila Cerrullo upp och blir vänner för livet. Det är efterkrigstid, nödår och våldet präglar fortfarande Italien i form av lönnmord och godtyckliga avrättningar. Lila är den självklara ledaren, den snabbfotade, den våghalsiga, den kvicktänka och den elaka. Det är också Lila som slår Elena ur brädet som skolans bästa elev, hon har lärt sig läsa själv och kommer etta på alla prov. Skolgången utgör ett löfte om en bättre framtid för dem båda, men Lila, dotter till skomakaren Fernando och hans hustru som båda är analfabeter, är den som tvingas ge upp studierna medan Elenas far, som är vaktmästare i stadshuset, ser till att dottern får fortsätta att gå i skolan. Lila gifts i stället bort vid 16 års ålder med Stefano Carracci, son till den mördade maffiabossen, Stefano som driver familjen Carraccis livsmedelsbutik med framgång i kvarteret. Elena, däremot, fortsätter sin utbildning, och drömmer om att skriva. Båda flickorna känner sig i hemlighet dragna till Nino Sarratore utan att de avslöjar något för varandra och blir därmed varandras rivaler. Nino växer också upp i hyreskasernen och är son till järnvägsarbetaren och poeten Donato Sarratore som en gång förfört änkan Melina Cappuccio men övergett henne varpå hon försökt ta sitt liv. Nino är studiebegåvad, men utan mål i livet eftersom han hatar sin far. Nino kommer så småningom att spela en avgörande roll i båda flickornas liv. Elena Ferrantes storslagna romanepos i fyra delar om Lila och Elena tar sin början när de båda kvinnorna hunnit bli sextiosex år och Lila försvunnit spårlöst. Lilas son Rino tror att hans mor gömmer sig hos Elena, som nu är bosatt i Norditalien och en etablerad akademiker, men Elena och Lila har inte haft kontakt med varandra på ett tag. I ett slags desperat försök att nå Lila, börjar Elena skriva romanen om deras gemensamma uppväxt och liv, för att på så sätt rädda Lila undan glömskan och i hopp om att få möta henne igen.
Cykl neapolitanski 4 Historia zaginionej dziewc
I slutet av 70-talet har Elena hunnit ge ut flera kritikerrosade böcker men är djupt olycklig i sitt äktenskap med Pietro. Hon har istället inlett ett förhållande med sin ungdomskärlek Nino och väljer att flytta tillbaka Neapel med sina båda döttrar för att komma närmare honom. Samtidigt tvekar hon att återuppta kontakten med Lila, som aldrig fjärmat sig från deras gemensamma ursprung, men numera är framgångsrik egenföretagare i databranschen och har en stark ställning i kvarteret. Lila hjälper många av deras gemensamma barndomsvänner ekonomiskt och har nästan ersatt bröderna Solara som kvarterets välgörare. Elenas och Lilas vänskap blir trots allt mer jämbördig nu när de är vuxna och de bor ett tag också grannar och hjälper varandra med skötseln av barnen. Men lugnet och stabiliteten är bedräglig och än en gång tar deras båda liv dramatiska vändningar vilket leder läsaren tillbaka till inledningen på detta romanepos.
Svikne dagar

Svikne dagar

Elena Ferrante

Samlaget
2017
sidottu
38-årige Olga blir forlaten av mannen sin etter 12 års ekteskap, til fordel for ei ung kvinne. Olga er ridd av sjalusi, raseri og sjølvforakt, og mistar sakte, men sikkert taket på omgivnadene sine. Ho dreg dei to ungane og den snille schæferhunden Otto med seg i fallet. Svikne dagar er ein samtidsklassikar av ein forfattar som The New York Times har omtalt som «ein av dei store romanforfattarane i vår tid». Romanen har gripe lesarar over heile Europa med den usentimentale skildringa av moderskap, ekteskap og åleineliv. Boka kom ut på italiensk i 2002. Frå italiensk ved Kristin Sørsdal.
Le nouveau nom

Le nouveau nom

Elena Ferrante

GALLIMARD-JEUNESSE
2017
pokkari
Naples, années soixante. Le soir de son mariage, Lila comprend que son mari Stefano l’a trahie en s’associant aux frères Solara, les camorristes qui règnent sur le quartier et qu’elle déteste depuis son plus jeune âge. Pour Lila Cerullo, née pauvre et devenue riche en épousant l’épicier, c’est le début d’une période trouble : elle méprise son époux, refuse qu’il la touche, mais est obligée de céder. Elle travaille désormais dans la nouvelle boutique de sa belle-famille, tandis que Stefano inaugure un magasin de chaussures de la marque Cerullo en partenariat avec les Solara. De son côté, son amie Elena Greco, la narratrice, poursuit ses études au lycée et est éperdument amoureuse de Nino Sarratore, qu’elle connaît depuis l’enfance et qui fréquente à présent l’université. Quand l’été arrive, les deux amies partent pour Ischia avec la mère et la belle-sœur de Lila, car l’air de la mer doit l’aider à prendre des forces afin de donner un fils à Stefano. La famille Sarratore est également en vacances à Ischia et bientôt Lila et Elena revoient Nino. Le nouveau nom est la suite de L’amie prodigieuse, qui évoque l’enfance et l’adolescence de Lila et Elena. Avec force et justesse, Elena Ferrante y poursuit sa reconstitution d’un monde, Naples et l’Italie, et d’une époque, des années cinquante à nos jours, donnant naissance à une saga romanesque au souffle unique.
The Beach at Night

The Beach at Night

Elena Ferrante

Europa Editions
2016
sidottu
Elena Ferrante returns to the tale at the centre of the novel she considers to be a turning point in her development as a writer: The Lost Daughter (Europa, 2008, also available). This time the story takes the form of a children's fable told from the point of view of the lost doll, Celina. Celina is having a terrible night, one full of jealousy for the new kitten, Minn, feelings of abandonment and sadness, misadventures at the hands of the beach attendant, and dark dreams. But she will be happily found by her child once the sun rises. Accompanied by stirring illustrations.
Frantumaglia

Frantumaglia

Elena Ferrante

Europa Editions
2016
sidottu
In this collection, renowned and reclusive Italian writer Elena Ferrante addresses subjects such as her choice to remain anonymous, her literary inspirations, politics and culture, and the role of the writer (and the publisher) in modern society. Ferrante's voice is ever the same; direct, penetrating, sharp, inspiring and intimate. Ferrante is the author of the Neapolitan Novels, along with three other novels, and has been hailed as 'the publishing story of the decade' by the Sunday Times.
Historia om det tapte barnet

Historia om det tapte barnet

Elena Ferrante

Samlaget
2016
sidottu
Bok 4 i Napolikvartetten. Ei kraftfull avslutning på historia om eit livslangt vennskap. Dette er den fengslande historia om to kvinner, den briljante, boklærde Elena og den lidenskaplege, ubereknelege Lila. Begge er no vaksne og har store drama i livet bak seg. Begge slost ein gong for å komme seg vekk frå strøket der dei vaks opp - eit nabolag prega av vald og ufridom. Elena har gifta seg, flytta til Firenze, stifta familie og gitt ut fleire kritikarroste bøker. Men no har ho komme tilbake til Napoli for å vere saman med mannen ho alltid har elska. Lila, derimot, har aldri lykkast med å frigjere seg frå Napoli. Ho har blitt ein suksessrik bedriftseigar, men nærkontakten med den verda ho alltid har tatt avstand frå, set ho på prøve. Men Lila er ustoppeleg, uregjerleg, uforgløymeleg! Med Napoli som bakteppe, ein by like forførande som han er farleg, i ei verd i dramatisk endring, er historia om eit livslangt vennskap fortald djupt ærleg og med ein briljans som saknar sidestykke. Dei fire binda i denne serien utgjer ei lang og eineståande historie som lesarane vil vende tilbake til igjen og igjen, og som Elena og Lila sjølve vil dei kvar gong oppdage nye ting. Den fjerde og avsluttande boka i Napoli-kvartetten stadfestar attesten New York Times har gitt forfattaren Elena Ferrante: «ein av vår tids største romanforfattarar».
Those Who Leave and Those Who Stay

Those Who Leave and Those Who Stay

Elena Ferrante

Large Print Press
2016
nidottu
The incredible story continues in book three of the critically acclaimed Neapolitan Novels Since the publication of My Brilliant Friend, the first of the Neapolitan novels, Elena Ferrante's fame as one of our most compelling, insightful, and stylish contemporary authors has grown enormously. She has gained admirers among authors--Jhumpa Lahiri, Elizabeth Strout, Claire Messud, to name a few--and critics--James Wood, John Freeman, Eugenia Williamson, for example. But her most resounding success has undoubtedly been with readers, who have discovered in Ferrante a writer who speaks with great power and beauty of the mysteries of belonging, human relationships, love, family, and friendship. In this third Neapolitan novel, Elena and Lila, the two girls whom readers first met in My Brilliant Friend, have become women. Lila married at sixteen and has a young son; she has left her husband and the comforts her marriage brought and now works as a common laborer. Elena has left the neighborhood, earned her college degree, and published a successful novel, all of which has opened the doors to a world of learned interlocutors and richly furnished salons. Both women have attempted are pushing against the walls of a prison that would have seen them living a life of misery, ignorance and submission. They are afloat on the great sea of opportunities that opened up during the nineteen-seventies. Yet they are still very much bound to each other by a strong, unbreakable bond.
Historia om det nye namnet

Historia om det nye namnet

Elena Ferrante

Samlaget
2016
pokkari
Den intense historia om eit vennskap som rommar kjærleik og hat, beundring og sjalusi Historia om det nye namnet byrjar der Mi briljante venninne sluttar, med at seksten år gamle Lila gifter seg med kjøpmannen Stefano Carracci. Lila innser at ho ikkje kjenner mannen ho har gifta seg med, og ho opplever ekteskapet som eit fengsel. Ein sommarferie på Ischia blir ein erotisk vekkar for Lila, men samstundes set ho vennskapet med Elena på ei alvorleg prøve. Livet til dei to venninnene held fram i kvar si retning. Studia fører Elena ut av det gamle livet, til ein annan by og eit anna miljø, medan Lila må ta eit val for å redde seg sjølv, og får livet snudd på hovudet. Historia om det nye namnet er ein roman om to kvinners kamp for å realisere seg sjølv i 60-talets Italia, før ungdomsopprør og kvinnefrigjering. Ein roman om eit vennskap som rommar kjærleik og hat, beundring og sjalusi, men som er så sterkt at ingen av dei to kvinnene er heilt seg sjølv utan den andre. Frå italiensk ved Kristin Sørsdal.
Mi briljante venninne

Mi briljante venninne

Elena Ferrante

Samlaget
2016
pokkari
Stor filmatisk roman frå Italias mest kjende ukjende forfattar Mi briljante venninne er ein stor, filmatisk roman. Historia blir fortalt av Elena, som får vite at venninna gjennom eit langt liv, Lila, er sporlaust forsvunnen saman med alt ho eig: Ikkje eit hårstrå er tilbake, ikkje eit fotografi. Historia om Elena og Lila begynner i ein fattig, men pulserande bydel i utkanten av Napoli. Fattigkvarteret er prega av vald og brutalitet. Dei to jentene skil seg ut ved at dei er svært kløktige, og Lila også for villskapen sin. Ho er trassig, møkkete - og fryktlaus. Oppveksten i desse røffe gatene lærer jentene å stole på kvarandre og ingen andre. Elleve år gammal må Lila avbryte skolegangen for å arbeide i farens skomakarbutikk, mens Elena held fram med å studere, og Lila er berre seksten år når ho giftar seg med den velståande kjøpmannen Stefano Carracci, son av den forhatte Achille, for å komme seg ut av grepet Solara-familien har om henne og resten av bydelen. Ferrante har skapt eit storverk om vennskap mellom kvinner, men dette er også forteljinga om Italia som nasjon og dei gjennomgripande endringane landet gjennomgår frå 1950-åra og fram til i dag. Mi briljante venninne er første bok i Napoli-kvartetten. Frå italiensk ved Kristin Sørsdal.